Hopp til innhald
Fagartikkel

Massekommunikasjon

Massekommunikasjon inneber at ein bodskap blir overført frå éin sendar til mange mottakarar samtidig. Medium som overfører massekommunikasjon, kallar vi massemedium. Avsendarane er som oftast profesjonelle.

Éin sendar, mange mottakarar

Massekommunikasjon betyr at det er éin sendar som formidlar ein bodskap til mange mottakarar samtidig gjennom eit medium. Medium som formidlar massekommunikasjon, blir kalla massemedium.

Massekommunikasjon gøregjekk tidlegare gjennom tradisjonelle massemedium som aviser, radio og fjernsyn. I dag er internett eit viktig medium, både i massekommunikasjon og i personleg kommunikasjon.

Profesjonelle avsendarar

Eit kjenneteikn ved massekommunikasjon er at avsendarane stort sett er profesjonelle aktørar. I massemedia arbeider journalistar, redaktørar og produsentar som er utdanna til å hente inn og sile ut informasjon, og til å formidle bodskapar i ulike sjangrar i ulike kanalar.

Til dømes har informasjonsarbeidarar i PR-byrå som jobb å formidle den bodskapen kundane ønskjer å få ut for tida.

Avgrensa høve til å gi tilbakemelding

Tradisjonelt har massekommunikasjon vore prega av få eller avgrensa tilbakemeldingar. Det hende nok at stemma til avislesarar, radiolyttarar og TV-sjåarar blei høyrd før i tida òg, men det kunne ta vekevis før eit lesarinnlegg stod på trykk, og den sinte telefonen til NRK resulterte i beste fall i ein diskusjon i Kringkastingsrådet eit halvt år seinare.

I dag er det langt lettare å gi direkte tilbakemeldingar til avsendarane av massekommunikasjon via sosiale medium, kommentarfunksjonar under artiklar og debattsider. Men det betyr ikkje nødvendigvis at dei profesjonelle medieaktørane lèt seg påverke av tilbakemeldingane dei får, eller at bodskapen blir korrigert.