Hopp til innhald

Fagstoff

Den gode forteljinga i Roswell Enterprises

Korleis skaper du god historieforteljing? Regissør og filmkonsulent Sirin Eide gir råd.

Regissør og filmkonsulent Sirin Eide gir deg tips om kva ei god forteljing bør innehalde. Ei forteljing bør

  • ha eit overraskande element
  • vekkje attkjenning
  • spele på nysgjerrigheit
  • ha med noko som er annleis (kuriøst eller originalt)

Å GJERE


  • Diskuter med ein medelev. Er de einige i at ei god historie bør innehalde desse fire elementa? Kva andre element kan vere verdt å hugse på når de skal skape ei forteljing?
  • Sjå kortfilmen Roswell Enterprises. Vurder om filmen inneheld dei fire elementa (overrasking, attkjenning, nysgjerrigheit, kuriositet).
  • Vurder til slutt den dramaturgiske kurva i kortfilmen. Har kortfilmen ein typisk dramaturgi som følgjer Hollywood-modellen?

    Begrunn svara godt og del gjerne tankane dykkar med resten av klassen.

Kortfilmen Roswell Enterprises

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2019

Læringsressursar

Historieforteljing og dramaturgi