Oppgåve
Analyse av Bawke
Med kortfilmen Bawke treng regissør Hisham Zaman berre 15 minutt for å sette lys på eit svært vanskeleg tema som engasjerer mange.
Bawke er ein sterk film om ein far og son si harde flukt på leit etter eit betre liv i Noreg. På norsk jord er dei heldigvis langt unna fysiske bomber og kuleregn, men den mentale kampen for å overleve har berre så vidt begynt.
Vi får eit sterkt innblikk i korleis ei flukt kan opplevast, ikkje minst kva for vanskelege val ein kan bli nøydd til å ta når ein har flykta frå alt ein eig og har.
- Kva handlar filmen om?
- Bawke tyder «far» på kurdisk. Kvifor har filmen fått denne tittelen?
- Korleis blir verkemiddel som musikk, lyd, klipp og symbol brukte i filmen?
- Gi ei skildring av karakterane i filmen.
- Kvifor er fotballkortet så viktig for guten?
- Kva er vendepunktet i filmen?
- Kvifor vel faren til guten å handle som han gjer?
- Kva kunne ha skjedd om han hadde valt annleis?
- Korleis blir Noreg framstilt i filmen?
- Utspeler filmen seg innanfor realistiske rammer?
- På kva måte er filmen aktuell i dag?