Hopp til innhald

Fagstoff

Additiv fargeblanding - RGB

Dei forskjellige fargane er lys med ulike bølgjelengder.
Additiv fargeblanding skapast ved å leggje saman lysfargar. RGB står for grunnfargane: raud, grøn og blå. Det additive fargesystemet blir brukt til skjermfargar og i lyssetjing av alle slag.
Raudt, grønt og blått lys blir lagde oppå kvarandre og gir kvitt lys. Animasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ei lysstråle brytast gjennom eit glassprisme og skapar fargane i ein regnboge. Illustrasjon.

Dei forskjellige fargane er lys med ulike bølgjelengder. Kvitt lys inneheld alle fargane. Dette kan vi sjå når lyset brytast gjennom eit prisme eller når sollyset treff regndråper og skapar ein regnboge.

Det additive fargesystemet RGB

RGB er eit additivt fargesystem. Addere betyr å leggje til, og i dette systemet vil det seie å leggje til lys. Bokstavane i fargesystemet RGB står for raud, grøn og blå. Dette er primær- eller grunnfargane i RGB. Ved hjelp av raudt, grønt og blått lys kan vi lage alle dei andre fargane. Når raudt, grønt og blått blir lagde oppå kvarandre med full styrke, vil vi få fargen kvit. For å få svart tar du bort fargane. Det er fordi RGB er eit fargesystem som blir skapt med hjelp av lys.

Fargeveljar i photoshop. Skjermbilete.

Når du jobbar på skjerm, brukar du RGB-fargar. RGB-fargane blir oppgitt i verdiar frå 0-255, der 0 er ingen farge. Når alle RGB-fargane har 0 i verdi, svarar dette til heilt svart.

Digitale kamera gjer opptak i RGB-farger. Programvare som fotoredigeringsprogram brukar RGB-fargemodus fordi den gir størst fargespekter.

Portrett der RGB verdiane i andletet til modellen synest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I filmen Fargeblanding frå NRK Skole demonstrerer Mali Mærk frå Forskerfabrikken blanding av lysfargar og forklarer korleis auget vårt oppfattar fargane. Sjå klippet frå 1:16 - 4:00.



CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Kari Kosvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 07.07.2019

Læringsressursar

Biletredigering