Hopp til innhald

Fagstoff

Finn innhald du kan bruke og dele

Det finst mange nettstader som tilbyr lydeffektar, musikk, bilete, videoklipp, ikon og fontar som du kan laste ned og bruke i dine eigne arbeid. Pass berre på opphavsretten, og set deg inn i brukarlisensane før du forsyner deg.
I framgrunnen ser vi silhuetten av ein mann som peiker på ein skjerm. I bakgrunnen ser vi skjermen med eit lydredigeringsprogram, der ulike lydfiler er stabla i ein miks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange av nettstadene nedanfor tilbyr filer under -lisensar (CC-lisensar) eller liknande avtalar. Nokre av dei deler innhald til fri bruk, mens andre har strengare vilkår.

Du bør uansett

  • aldri ta i bruk innhald frå nettet utan å sjekke vilkåra for å kunne bruke innhaldet

  • alltid ta vare på lenkjer, slik at du kan vise kvar innhaldet ditt kjem frå

  • tenkje deg nøye om før du opprettar ein brukar og gir frå deg personopplysningar på nettstader du ikkje stoler på

  • vere merksam på at enkelte av desse nettstadene har noko innhald som er gratis, og noko som kostar pengar

Nettstader for nedlasting av bilete og videoklipp

Openverse: Dette er ei søkjeside der du kan filtrere etter alle typar CC-lisensar. Bileta har varierande kvalitet, så sjekk nøye før du bruker dei.

Biletsøk på Google: Her kan du gjere biletsøk og finne ulike typar CC-lisensar.

CC Search: Her kan du søkje etter innhald med delbar lisens. Framsida inneheld ei oversikt over andre nettstader som tilbyr innhald for nedlasting.

Snl.no: Du kan finne bilete med opne lisensar på nettsidene til Store norske leksikon.

Wikimedia Commons: Her kan du finne bilete, lydfiler og videoar som kan brukast. Hugs å sjekke lisensieringa.

Ein raud valmue strekkjer seg mot sola under ein blå himmel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Image After: Dette er ein søkbar database med bilete som kan brukast fritt. Lisensiering for desse bileta finn du under "Terms of Use" (bruksvilkår).

Stockvault: Her finn du mange bilete som kan nyttast. Lisensiering for desse bileta kan du lese om under "Terms of Use".

Coverr: Her kan du finne videoklipp sorterte etter ulike tema, som livsstil, natur, folk og trening.

Mixkit: På denne nettstaden må du registrere deg for å kunne laste ned eit gitt antal bilete, videoklipp eller lydklipp per månad.

Pixabay: Her finn du bilete, lydfiler og videoar som kan brukast. Hugs å sjekke lisensieringa.

Flickr: Nettstaden krev at du registrerer deg for å kunne laste ned gratis bilete.

Picjumbo: Dette er ein søkbar database med delbare bilete som du kan laste ned.

Unsplash: Her finn du bakgrunnar og bilete i mange ulike kategoriar.

Nettstader for nedlasting av lydeffektar og musikk

BBC Rewind: Her finn du nedlastbare lydeffektar du kan bruke i dine eigne prosjekt. Det finst til dømes hundrevis av publikumslydar og fottrinn.

Freesound: Dette er eit lydbibliotek som har lydeffektar og beatar i god kvalitet. Du må registrere deg for å laste ned lydspor herfrå, men desse kan du bruke fritt. Lydspora er lisensierte med ein eigen CC-lisens som heiter Sampling Plus 1.0.

To menn i raud joggedress med teksten "DATAROCK" langs ermet. Dei har på seg store solbriller og speler på kvite gitarar på ei scene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

NRK Urørt: Dette er ei skattkiste for ny og uoppdaga musikk. Her kan du laste ned låtar du kan bruke, men hugs å kontakte opphavspersonen for å få bruksløyve dersom du skal publisere medieproduksjonen der du bruker musikken.

Partners In Rhyme: Her finn du lydeffektar til fri bruk. Ver merksam på at det finst mange ressursar på denne nettstaden, men ein del av dei kostar pengar. Lydeffektane som vi lenkjer til her, er gratis.

Free Music Archive: Her kan du finne delbar musikk, men sjekk lisensen før du lastar ned og bruker songar.

SoundCloud: Dette er eit musikkbibliotek som tilbyr gratis nedlasting i ein viss periode. Sjekk krava før du eventuelt registrerer deg for ein gratis periode.

Mixkit: På denne nettstaden må du registrere deg for å kunne laste ned eit gitt antal bilete, videoklipp eller lydklipp per månad.

Soungle: Her finn du lydar til fri bruk.

Soundsnap: På denne nettstaden kan du laste ned eit gitt antal gratis lydspor per månad. Krev registrering.

Nettstader for nedlasting av grafisk materiale

Freepik: Her kan du finne grafiske element, illustrasjonar og bilete. Gratis nedlasting mot at du krediterer rett.

Pexels: Dette er eit bibliotek med illustrasjonar, bakgrunnar, bilete og videoklipp til nedlasting.

Ein ring delt inn i tolv fargar rundt ein sekskant delt inn i seks fargar. Modellen er kjend som Ittens fargesirkel og viser samspelet mellom primær-, sekundær- og tertiærfargane. Illustrasjon.

Tineye: Her kan du gjere biletsøk basert på val av fargar.

Texture Labs: Her kan du finne bakgrunnar og teksturar.

Noun Project: Dette er ein søkbar database for ikon og symbol.

Google Fonts: Her finn du og som du kan laste ned.

Font Squirrel: Her finn du fontar, men dobbeltsjekk lisensen før du lastar ned.

DaFont: På denne nettstaden kan du laste ned gratis fontar inntil eit visst tal per månad.

Brusheezy: Dette er ein søkbar database for ulike digitale penslar.

Mockupworld: Her kan du lage modellar som førehandsviser designet ditt på tredimensjonale produkt. Døme: ein logo på ei flaske.

Mr.Mockup: Nettstaden tilbyr nokre gratis nedlastingar, så du kan vise fram designet ditt slik det kan bli i den verkelege verda.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2022

Læringsressursar

Biletredigering