Hopp til innhald

Fagstoff

Kjeldetilvisingar i APA-stil

Når du skriv fagartiklar, må du rette deg etter reglane som gjeld for denne sjangeren. Mellom anna skal du vise til kjelder på ein korrekt måte.
 Hender på laptop med grønt eple ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er viktig at du fører kjeldene dine korrekt, både for å unngå plagiat, men også for at det skal vere lett for lesaren å finne igjen informasjonen i originalteksten.

Les gjerne meir om plagiat og kritisk tilnærming til tekst på NDLA sine sider om kjeldebruk.

Tre viktige omgrep

  • sitere = gi att ordrett
  • parafrasere = gi att med eigne ord
  • referanse = kjeldetilvising

Same om du siterer eller parafraserer, må du vise til kjeldene dine. Ulike fag har ulike tradisjonar, og derfor finst det fleire system eller stilar for kjeldetilvising. I Harvard-stilen og APA-stilen legg du til dømes inn referansane fortløpande i teksten. I Chicago-stilen bruker du derimot fotnotar som du legg inn nedst på sida. Litteraturlista blir også ført ulikt i dei ulike systema.

Når du først har valt eit system, må du halde deg til det. Vi skal vidare konsentrere oss om APA-stilen.

APA-stil i den løpande teksten

I dette systemet skal kjeldetilvisinga setjast i parentes i den løpande teksten. Tilvisinga skal innehalde forfattar, årstal for utgivinga og sidetal. Bruk kjeldetilvising både ved sitat og ved parafrase.

Eksempel 1 – kort sitat

Bruk sitatteikn for å markere det du refererer til. Slik skaper du eit tydeleg skilje mellom dine eigne ord og forfattaren sine, og du unngår å bli skulda for plagiat. Om du berre skal sitere delar av ei setning, bruk firkanta klammer med tre punktum for å markere kvar du har utelate ord. Du skal ikkje omsetje sitat.

Omgrepa klimavariasjonar og klimaendringar beskriv endringar i klimaet over tid. Ifølgje Fuglestvedt, Harstveit, Mamen & Benestad (2019) bruker ein "[...] ‘klimaendring’ for å beskrive forskjellen i klimaet på lengre sikt, mens ‘klimavariasjoner’ betegner korte tidsskalaer."

Sitatet over er henta frå ei internettkjelde, og det er derfor ikkje naudsynt å føre sidetal. Neste gong du referer til same kjelde, treng du ikkje å ramse opp alle fire forfattarane. Då kan du skrive (Fuglestvedt et al., 2009) etter sitatet eller parafrasen. Et al. er kort for latin et alii og tyder "og andre".

Eksempel 2 – lengre sitat

Når du skal referere til eit sitat som er lengre enn tre linjer, bør sitatet få eit eige avsnitt, vanlegvis med innrykk og to skriftstorleikar mindre. Når sitatet får eit eige avsnitt, treng du ikkje å markere med sitatteikn. Hugs å kommentere sjølve sitatet. Det skal gi meining til resten av teksten din:

I boka Skriv bedre! forklarer Eli Glomnes korleis sjangeren styrer forventningane vi har til teksten vi skal lese:

Sjangrene gir oss spilleregler for hva som passer hvor. Spillereglene avgjør hva som blir et dikt og hva som blir reklame, hva som blir kåseri og hva som blir artikkel. Disse reglene forandres over tid, men de er stabile nok til at skriveren og leseren kan forstå hverandre. Sjangrene fungerer altså som en slags kontrakt for hvordan tekster skal leses (Glomnes, 2005, s. 53).

Vi treng altså sjangerkunnskap for å kunne oppfatte ein tekst effektivt og slik han var tenkt. Kommunikasjon skjer aldri i eit tomrom, han er knytt til konkrete situasjonar og dermed også til sjangrar.

Eksempel 3 – parafrase

Når du gir att innhaldet med eigne ord, skal du ikkje bruke sitatteikn, men det er viktig å vise kvar du har henta innhaldet frå:

Seint på 1700-talet og tidleg på 1800-talet blir det populært å skrive dikt og forteljingar der det fantastiske har ein sentral plass. Diktarane finn stoff i folkedikting og mellomalderdikting, og det irrasjonelle, mystiske og særprega blir framheva. Denne perioden kallar vi romantikken, og det er i denne tida fantastisk litteratur begynner å bli omtalt som ein eigen kategori (Omdal, 2009, s.9). Fleire av dei som har skrive bøker om fantastisk litteratur, meiner sjangeren oppstår i romantikken fordi diktarane i denne perioden blir bevisste på det fantastiske som noko eige.

APA-stil i litteraturlista

I tillegg til å vise til kjeldene i sjølve teksten må du også føre kjeldene i ei litteraturliste (bibliografi) på ei ny side sist i oppgåva di. Om du har brukt fleire kjelder, må du føre dei i alfabetisk rekkjefølgje. Etternamna til forfattarane blir skrivne fullt ut, medan førenamna blir forkorta til første bokstav, etterfølgd av eit punktum. Eksempel: Glomnes, E.

Om det er fleire forfattarar i ein publikasjon, går du fram på same måten, men du må i tillegg bruke komma for å skilje mellom namna, og eit &-teikn før den siste forfattaren. Eksempel: Fuglestvedt, J. S., Harstveit, K., Mamen, J. & Benestad, R.

Litteraturlista skal innehalde namn på forfattar, år for utgiving, namn på publikasjon og forlag, altså kven, når, kva og kvar.

Tittelen på lange og sjølvstendige publikasjonar, slik som bøker (også diktsamlingar og novellesamlingar), namn på tidsskrift, aviser, filmar, teaterstykke og så vidare, skal stå i kursiv. Merk at titlar på artiklar og nettartiklar ikkje skal stå i kursiv.

Litteraturliste basert på eksempla over

Fuglestvedt, J. S., Harstveit, K., Mamen, J. & Benestad, R. (2019, 21. februar). Klimaendringer. I Store norske leksikon. Henta 12. mars 2019 frå https://snl.no/klimaendringer

Glomnes, E. (2005). Skriv bedre!. Fagbokforlaget/LNU.

Omdal, G. K. (2010). Grenseerfaringer. Fantastisk litteratur i Norge og omegn. Fagbokforlaget/LNU.

Wikipedia-artiklar

I Store norske leksikon er namnet på artikkelforfattaren til vanleg oppgitt. Derfor skal du føre forfattarnamnet først, slik det er gjort i dømet i boksen over. I Wikipedia-artiklar derimot bruker forfattaren eller forfattarane ofte pseudonym (fiktive namn), eller dei er heilt anonyme. Her droppar du derfor forfattarnamn og skriv tittelen på artikkelen først.

Set du ein Wikipedia-artikkel på litteraturlista, held det ikkje berre med dato for nedlasting, for Wikipedia-artiklar kan i teorien endre seg frå minutt til minutt. Wikipedia har ei hjelpeside i venstrekolonna (under "Verktøy") som heiter "Permanent lenke". Då kjem versjonsnummeret opp i URL-feltet (nettadressefeltet), og det er denne URL-en du skal føre i litteraturlista. Oppslagsverket skal stå i kursiv.

Ver merksam på at "Olaug Nilssen" er tittelen på Wikipedia-artikkelen i dømet nedanfor. Artikkelen handlar altså om forfattaren Olaug Nilssen, han er ikkje skriven av ho:

Olaug Nilsen. (2016, 12. november). I Wikipedia. Henta 12. mars 2019 frå https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Olaug_Nilssen&oldid=16897830

Andre informasjonssider på nettet

Dersom du bruker ei internettside der forfattaren ikkje er namngitt, fører du opp institusjon eller organisasjon som forfattar, deretter årstalet for publisering eller for siste oppdatering av sida, så dato for nedlasting og til slutt nettadresse.

Folkehelseinstituttet. (2021, 8. februar). Pandemien har hatt størst utslag på fysisk aktivitet og kosthold hos yngre voksne. https://www.fhi.no/nyheter/2021/pandemien-har-hatt-storst-utslag-pa-fysisk-aktivitet-og-kosthold-hos-yngre-/

Kildekompasset

I Kildekompasset får du eksempel på korleis du kan føre alle typar kjelder, som for eksempel ei årsmelding, ein episode frå ein TV-serie, lover og forskrifter og kjelder med fleire forfattarar. Der kan du også lese meir om kjeldekritikk. Kjeldeføringa i denne artikkelen er i tråd med oppsettet i Kildekompasset.

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Idun Fivelstad.
Sist fagleg oppdatert 01.07.2022

Læringsressursar

Referansar og lisensar