Eigenvurdering
Progresjon i riktig bruk av kjelder
Kor gode er ferdigheitene dine i bruk av kjelder, referansar og lisensar?
Strålande
- Du viser til og gjev opp referanser til alle kjelder i arbeidsoppgåver, enten det er skriftlege, munnlege, journalistiske eller estetiske kjelder eller arbeidsoppgåver.
- Du bruker kjelder både direkte og indirekte i flyt med og for å underbygge di eiga stemme.
- Du bruker konsekvent ein standard for referansar dersom arbeidet er ein skriftleg fagtekst.
- Du forstår korleis din argumentasjon heng saman med korleis du bruker kjelder.
- Du har ei fullstendig kjeldeliste til arbeidet ditt, skrive etter ein bestemt standard
- Du fører opp riktig lisens på innhald du bruker frå andre, der det er relevant.
Kompetent
- Du har referert til alle kjeldene du har brukt.
- Du bruker kjelder både direkte og indirekte.
- Du prøver å følgje en standard for føring av kjelder dersom arbeidet er ein skriftleg fagtekst.
- Du har ei kjeldeliste med alle kjeldene oppført.
- Du oppgir ein lisens, men er det riktig?
På veg
- Du viser til nokre kjelder
- Det kan vere uklart kor informasjonen du bruker kjem frå.
- Det er uklart kor i arbeidet ditt kjeldene blir brukte.
- Du har ei kjeldeliste, ho er kanskje ikkje fullstendig.
- Du meistrar og bruker direkte sitat.
- Du bruker andre sitt innhald sjølv om det er copyright, eller utan å oppgi lisens.
Nybegynnar
- Du refererer ikkje til kjelder i arbeidet ditt.
- I skriftlege fagtekstar 'klipper og limer' du setningar direkte frå nett, skriv kanskje om nokon ord og fortel ikkje nødvendigvis Kor informasjonen kjem frå.
- Du har ikkje kjeldeliste.
- Du veit ikkje kva en lisens er.