Hopp til innhald

Fagstoff

Frå eit aktivt til eit stillesitjande liv

Kroppen vår er den same som kroppen til dei som levde i steinalderen for cirka 12 000 år sidan. Samfunnet har endra seg mykje sidan då. Den teknologiske utviklinga har gått i ein rasande fart, men kroppen har ikkje utvikla seg. Her sit vi bak PC-en med ein kropp som er tilpassa livet på savannen.
Holebuplass med bål og ulike menneske rundt bålet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Livet i steinalderen

Livet som jeger og sankar for omtrent 12 000 år sidan var noko anna enn det livet dei fleste av oss lever i dag. Det var mange farar som lurte, og menneska måtte heile tida vere på vakt. For å overleve måtte dei jakte, fiske og sanke, dei måtte lage verktøy, og ofte måtte dei bevege seg over store avstandar. Det var sjeldan trygt å setje seg ned og kvile.

Menneska kunne gå mange dagar utan mat. Når dei først fekk tilgang på mat, åt dei store mengder og hadde spesielt lyst på mat med mange kaloriar. Energien dei fekk i seg som dei ikkje trong akkurat då, vart lagra i kroppen. Slik kunne dei overleve til neste gong dei fekk tak i mat som kunne gi dei energi.

Steinalderkroppen

I steinalderen var det veldig praktisk å ha ein kropp som lagra overskotsenergi, slik at ein kunne bruke av dette energilageret når ein måtte gå mange dagar utan mat. Kroppen vår er akkurat den same som i steinalderen. Han fungerer på den same måten. Vi har kanskje lært oss nokre fleire ferdigheiter enn dei kunne i steinalderen, og i tillegg har åtferda og levesettet vårt endra seg. Hjernen, organsystema og forbrenninga vår fungerer derimot heilt likt som i steinalderen. For 12 000 år sidan var det lite tilgang på mat og næring, mens no er det overflod av mat og energi overalt der vi beveger oss i samfunnet.

I dag er vi ikkje nøydde til å bevege oss for å få tak i det vi treng, men eit liv med lite rørsle og overflod av mat er ikkje tilpassa steinalderkroppen. Vi er skapte for eit liv i rørsle. Alt i kroppen fungerer mykje betre når vi er i rørsle.

Forsking har dei siste 30 åra vist at rørsle styrkjer hjernen sine funksjonar. Det blir skilt ut fleire kjemiske stoff i hjernen når vi er i rørsle. Dette gjer oss mellom anna meir merksame og konsentrerte. Dette heng saman med korleis det var i steinalderen. Når mennesket måtte springe for å overleve, var det viktig at hjernen sine funksjonar var skjerpa.

Stillesitjing

Den teknologiske utviklinga har gått fort dei siste hundre åra. Utviklinga har fått samfunnet framover på mange måtar, men vi har òg utvikla inaktivitet. Samfunnet er no tilrettelagt for at ting skal vere lettvinte. Vi har maskiner og robotar som gjer det fysiske arbeidet som mennesket gjorde før.

Hjernen vår er lat, det er fordi han er tilpassa livet i steinalderen. Som jeger og sankar var det lurt å kvile for å hente krefter når ein kunne. Om vi ikkje treng å bevege oss, vil hjernen helst kvile. Det kan derfor vere vanskeleg å kome seg ut på ei treningsøkt, men om du kjenner til motkreftene, er det enklare å jobbe mot dei og likevel kome seg ut.

På sida Fysisk aktivitet (NDLA) kan du lese meir om kva som skjer i kroppen når vi er aktive.

Tenk etter

  • Kan du kome på nokon døme på teknologi som har gjort/gjer oss meir inaktive?

  • Kva for enkle tiltak kan vi gjere for å bli meir fysisk aktive?

  • Kva tenkjer du samfunnet og styresmaktene kan gjere for å leggje til rette for meir fysisk aktivitet?

Kjelde

Hjelle, O. P. (2018). Sterk hjerne med aktiv kropp. Kagge forlag.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021

Læringsressursar

Fysisk aktivitet