Hopp til innhald

Fagstoff

Om parkour

Parkour er ein aktivitet som stiller krav til både fysiske og koordinative eigenskapar. I tillegg er det rom for mykje utforsking og kreativitet.
Fire unge menn ute. Tre av dei hoppar ned frå ein mur eller vegg, mens den fjerde heng etter kanten og ser ned. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opphavet

Parkour oppstod i Frankrike på 1980-talet. David Belle og Sebastien Foucan blir rekna som grunnleggjarane av parkour. Dei var inspirerte av treningsmetodane til ein offiser og helt frå den franske marinen. Denne treninga skulle vere fysisk gjennom at ein trente allsidig, og ho bestod av rørsler som hopp, balanse og klatring. Slik trente ein både fysiske og koordinative eigenskapar, som uthald, hurtigheit og balanse, og psykiske eigenskapar, som viljestyrke og evna til å halde hovudet kaldt. Ordet parkour kjem frå det franske parcours du combattant som betyr "hinderløype". Parkour er i utgangspunktet ein utandørsaktivitet. Det handlar om å utforske terrenget, vere kreativ, finne løysingar og raskt og effektivt kome seg framover ved å forsere ulike hinder. I 2006 laga Belle og Foucan dokumentaren Jump Britain, og dette gjorde parkour kjend for mange. Foucan starta seinare det vi dag kallar freerunning. Freerunning har meir fokus på å utforske rørsler og gjere triks og mindre fokus på effektivitet og fart enn i parkour. I dag blir parkour og freerunning brukte om kvarandre som omgrep.Det finst mange grupper i Noreg, både organiserte og uorganiserte, der barn, unge og vaksne kan drive parkour saman med andre. Nokre idrettslag har parkour som eit tilbod i klubben sin.

Parkour som aktivitet

Som aktivitet kan parkour leggjast til rette for alle nivå. Det gjeld å vere kreativ, leike seg og ha det gøy. I parkour er og var det opphavleg meininga å konkurrere mot seg sjølv, ikkje mot andre. Å utforske kva du sjølv er i stand til å klare og korleis du kan bruke kroppen som ein reiskap, er eit stort nok mål i seg sjølv. Likevel har det i dei seinare åra vorte arrangert konkurransar der utøvarar kan konkurrere mot kvarandre i hinderløyper der det gjeld å kome først til mål.

Parkour i skulen

Parkour er ein aktivitet som stiller krav til fysiske og koordinative eigenskapar. Ved å utforske ulike hinder og korleis og når vi plasserer armar og bein, kan vi bli meir klare over korleis kroppen fungerer. Meistring gir rørsleglede, og det gjer at du kan halde fram med å utforske nye rørsler som fører til kroppsleg læring.

Verdiar

Desse verdiane er henta frå Sebastien Foucan som starta med freerunning, men dei passar godt å bruke både i freerunning og parkour som ein del av kroppsøvinga.

  • Følg di eiga retning.

  • Hald fram med å øve og trene.

  • Respekter andre og måten dei øver og trener på.

  • Ver ein inspirasjon for andre.

  • Ver positiv og oppsøk positive miljø.

  • Respekter miljøet du er ein del av.

  • Prøv gjerne andre aktivitetar.
  • Ikkje ta aktiviteten for seriøst.
  • Vegen er viktigare enn målet.
  • Det er ikkje noko som heiter bra eller dårleg, riktig eller feil. Det som er viktig er kva du lærer og erfarer gjennom å øve og prøve.
  • Freerunning er ikkje ein aktivitet med ein elite, men ein aktivitet for menneske som elskar å røre seg, og som ønskjer å halde fram med det.
  • Bruk energien din på ein positiv måte slik at du kan utvikle deg.
CC BY-SASkrive av Erling Kristian Nilsen og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

Parkour