Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppsleg læring og parkour, økt 2

Parkour er ein aktivitet som stimulerer til leik og utforsking. Ved å utforske, prøve og feile vil du lære å time og koordinere ulike kroppsdelar for å forsere hinder. Dette er den andre av tre økter.

Opplegget som er presentert under, er eit forslag på tre økter med parkour med ein tenkt progresjon. Det inkluderer òg videoar med øvingsutval der du kan velje ut frå ditt eige nivå. Det er lagt vekt på at opplegget skal bidra til utforsking, refleksjon og undring, aleine, i par og i grupper.

I denne økta skal du jobbe med det same som du gjorde i økt 1. No er du kjend med dei ulike øvingane, stasjonane og utstyret, og du får høve til å øve og prøve endå meir.

QR-kodar finn du nedst i ressursen.

Til læraren

Tips til førebuing

  • Repeter læringsmåla for økta og perioden.

  • Repeter òg og korleis elevane blir vurderte.

  • La elevane repetere refleksjonsspørsmåla frå den førre timen i par. Dei skal diskutere kva dei lærte sist, kva dei meistra, kva dei ikkje meistra, og korleis dei ønsker å jobbe med dette denne økta.

  • Repeter koordinasjon, styrke, rørsleevne og fysisk og psykisk uthald med vg2-elevane.

Læringsmål
  • Eleven skal utfordre seg sjølv motorisk og utfordre motet til å tøye eigne grenser.

  • Eleven skal bli kjend med korleis eigen kropp fungerer og bli klar over kva han eller ho kan få til og meistre.

  • Eleven skal samarbeide med andre og bidra til andre si læring.

  • Eleven skal forstå korleis ein kan utvikle koordinasjon, styrke, rørsleevne og uthald i aktiviteten parkour (vg2).

Vurdering gjennom heile perioden

Læraren vurderer

  • viljen og innsatsen eleven har til forbetring, òg når det ikkje blir nokon framgang

  • om eleven utfordrar seg sjølv og eigne moglegheiter

  • korleis eleven samarbeider med andre og bidreg til eigen og andre si læring og dessutan eleven si forståing for eiga læring

Oppvarming (15 minutt)

  • Rørsle over golvet: Sjå video.

  • Hinderløype: Set ut utstyr i gymsalen. Dette kan vere plassert som i biletet under, slik at de kan gå rett over i neste aktivitet, eller på ein heilt annan måte. Suppler gjerne med matter og rockeringar så det går an å komme seg rundt i ulike retningar. Unngå å tråkke på golvet.

  • Sisten i hinderløypa: To–tre stykke "har" sisten samtidig. Når nokon blir tekne, er det deira tur til å "ha" sisten.

Benkar, voltputer, matter, kassar og turnringar i ein gymsal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovuddel (25 minutt)

Stasjonsøvingar: Fordel dykk på dei same seks stasjonane som første økt. Berekn rundt fem minutt per stasjon. Jobb saman i grupper. Gi kvarandre tips og tilbakemeldingar. Hugs å sikre kvarandre. Bruk gjerne filmane under som inspirasjon til stasjonsøvingane.

Stasjon 1: Springe på vegg

Her skal du prøve å springe på veggen, eller gjere ein "tic tac", som det heiter på parkour-språket. Sjå på videoen over og prøv trinn for trinn. Bruk gjerne ein kasse eller ei skumpute i starten.

  • Korleis kan du utfordre deg sjølv på denne stasjonen?

  • Kva må du gjere med kroppen for å få til å "springe" på veggen?

Stasjon 2: Springbrett og skumkasse

Eit springbrett og ein skumkasse oppå ein tjukkas. Foto.

Her skal du ved hjelp av springbrett hoppe over skumkassane på ulike måtar.

  • Kor mange ulike måtar klarer du å komme deg over skumkassane på? Bruk gjerne video som inspirasjon.

  • Har du ein favorittmåte å hoppe på? Forklar dette hoppet, kva gjer du med armar og bein?

Stasjon 3: Bom

Ein gymsal med ribbevegg, bom og tjukkas. Foto.

Her skal du trene på å komme deg gjennom, over eller under bommen, eller ein kombinasjon av desse.

  • Legg merke til kvar du plasserer hendene og føtene. Tilpass farten og utstyret etter eige nivå.

  • Gå saman to og to i grupper, prøv å beskrive kva de får til på denne stasjonen, og kvifor de får det til.


Stasjon 4: Hopp og landing

To benkar står skrått opp mot ribbeveggen i ein gymsal. Mellom benkane ligg det matter og ein tjukkas. Foto.

Her skal du trene på å hoppe og lande på ulike måtar.

  • Kan du komme deg opp i ribbeveggen via benken?

  • Tør du hoppe ned på tjukkasen?

  • Tør du hoppe ned frå toppen av ribbeveggen?

  • Korleis jobbar du med beina i landinga?

    Diskuter med partnaren din og finn ut korleis muskulaturen i beina jobbar i landinga, og kvifor det er viktig å fjøre i knea.



Stasjon 5: Presisjon og balanse

Benkar og voltputer er spreidde utover golvet i ein gymsal. Foto.

Her skal du balansere på benkane og hoppe frå benk til benk og voltpute.

  • Klarer de å starte frå kvar dykkar side av benken for så å passere kvarandre oppå benken? Diskuter i gruppa kva som fungerer best, og kvifor det fungerer.

  • Utfordre deg sjølv og medelevane dine til å balansere og hoppe på ulike måtar og med ulike kombinasjonar.

  • Start med korte mellomrom. Auk avstanden mellom hindera etter kvart som du meistrar øvingane.

  • Kva enkle tiltak kan du gjere for at det skal vere enklare for deg å balansere på denne stasjonen?

Stasjon 6: Kassar og bukk

Springbrett, to kassar, ein bukk og ei matte i ein gymsal med kvit vegg. Foto.

Beveg deg frå ein kasse til ein annan, start gjerne på springbrettet.

  • Kor mange ulike måtar kan du komme deg over kassane på?

  • Kassane kan byggast opp, og avstanden kan regulerast. Start med låge kassar, auk høgda og avstanden etter kvart.

  • Kva enkle tiltak kan du gjere for at det skal vere enklare for deg å balansere på denne stasjonen?


Avslutning (5 minutt)

Gå saman i grupper på fem–seks elevar.

  1. Reflekter over desse spørsmåla:

  • Kva synest du at du fekk til i dag? Kvifor fekk du det til?

  • Var nokon hinder eller stasjonar vanskelege? Kvifor var dei vanskelege?

Tillegg for vg2:

  • Korleis har du jobba med koordinasjon, styrke, rørsleevne og uthald i dag? Prøv å finne konkrete døme frå stasjonar og rørsler.

  1. Start planlegginga med å lage dykkar eige "run". De skal setje saman ei løype med fire–fem ulike hinder. Vel ut frå eige nivå. Hugs at de både skal oppleve meistring og utfordre dykk. Denne løypa skal de setje saman og øve på i neste time. De skal òg planleggje eiga oppvarming.

Filer

CC BY-SASkrive av Erling Kristian Nilsen og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2022

Læringsressursar

Parkour