Hopp til innhald

Husdyrhald og planteproduksjon

Vi driv med husdyrhald og planteproduksjon i heile landet, men det er berre 3,5 prosent av arealet i Noreg som er i bruk som jordbruksareal. I dette emnet lærer du om dei ulike produksjonane i norsk jordbruk.

Fjørfe

Frå fjørfehaldet får vi kjøt og egg. Dette emnet handlar om fjørfe generelt, men mest om hønse- og kyllingproduksjon. Du lærer om fôring og stell, om avl og reproduksjon, og om korleis produksjonen av egg går føre seg. Fjørfe er utsett for sjukdom, så god hygiene er svært viktig i alt fjørfehald.