Hopp til innhald

Fagstoff

Velferdsindikatorar på hest

Hestar kan ikkje direkte formidle korleis dei har det. Når vi skal vurdere dyrevelferd, nyttar vi derfor velferdsindikatorar for å finne ut om ein hest har det greitt. Ein velferdsindikator er ein faktor som kan observerast eller målast anten på dyret direkte eller i omgivnadene.
Nystelt hest stilt opp på ei grøn eng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Velferdsindikator

Vi snakkar om positive eller negative . Dei negative er teikn på at hesten ikkje har det bra, mens dei positive er teikn på at hesten har det godt.

Dyrebaserte velferdsindikatorar

Faktorar som kan målast eller observerast på hesten, kallar vi dyrebasert velferdsindikatorar. Desse er dei mest pålitelege indikatorane. Vi kan til dømes måle temperaturen og kvilepulsen til hesten, og vi kan observere om han bevegar seg normalt. Ein temperatur nær 37,5 gradar, puls på mellom 25 og 50 slag i minuttet og normale rørsler er då positive velferdsindikatorar. Åtferd hesten viser, kan òg uttrykke at han har det bra, til dømes leik og at han rullar seg i boksen og på beitet, og at han bruker tid på å bli klødd og klø ein annan hest. Les meir om dette i artikkelen om den naturlege åtferda til hesten, som ligg som relatert innhald.

Døme på negative velferdsindikatorar er synlege sår, skadar og halting. Unormal åtferd som stress utan synleg grunn eller at hesten ligg unormalt mykje, indikerer òg at noko er gale med han. Dette er altså teikn på at hesten ikkje er frisk. Du kan lese meir om kva vi ser etter, i artikkelen om helsesjekk av hest i relatert innhald.

Det er ikkje alltid like lett å tolke åtferda til hesten. Teikn på mistrivsel kan spenne frå stress og stereotypiar (til dømes veiving og boksvandring) til apati. Og det å sjå forskjell på ein hest som er avslappa og fornøgd, og ein som er apatisk (har stengt verda ut og gitt opp), er ikkje alltid så enkelt.

Hesten bør vere i normalt hald. Det vil seie verken veldig tjukk eller veldig magar. Det hender hestar får sår, men ser vi at sår har byrja å verke eller hovne opp utan å få behandling, er ikkje dette noko godt teikn. Hovane til hesten treng jamleg pleie. Viss hestane får lange hovar, er dette òg teikn på at hesten ikkje er følgd opp som han burde.

Miljøbaserte velferdsindikatorar

Hest drikk vatn. Foto.

Nokre gonger kan miljøet hesten er i, seie noko om velferda til hesten. Vi bør altså observere omgivnadene der hesten står for å gjere oss opp ei meining om hestevelferda. Har hesten tilgang på tilstrekkeleg med lufteområde? Har han ly han kan oppsøke? Har han vatn og mat av god kvalitet tilgjengeleg? Har han moglegheit til sosial interaksjon med andre hestar? Har han nok plass å bevege seg på? Og så vidare.

Kva kan du gjere viss du er bekymra?

Viss du observerer negative velferdsindikatorar, kan det vere teikn på at hesten/hestane ikkje har det bra. Det beste er om du har moglegheit til å undersøke med eigar eller den som har ansvar. I nokre tilfelle kan det vere ei god forklaring, som til dømes sjukdom som er under behandling eller liknande. Om du meiner eit dyr har det vondt, kan du òg levere bekymringsmelding til Mattilsynet. Her har du moglegheit til å beskrive forholda du har observert. Du vel sjølv om du gir opp namnet ditt eller er anonym. Mattilsynet vil vurdere om dei undersøker saka ut frå kor alvorleg dei meiner det er.

Oppsummering

Ein velferdsindikator er eit synleg teikn på korleis hesten har det. Negative velferdsindikator er ting som tyder på at hesten har ikkje har det bra. Positive velferdsindikatorar er teikn på at hesten har det godt. Velferdsindikatorar kan òg delast opp i dyrebaserte og miljøbaserte. Dyrebaserte er det vi kan observere på dyret, som temperatur, åtferd, og sår, mens miljøbaserte er teikn i miljøet som fortel oss noko om velferda til hesten. Negative miljøbaserte velferdsindikatorar tyder på at dyret ikkje har det bra, til dømes når han står til knes i søle og ikkje har tilgjengeleg mat og vatn. I hestefaget er det viktig å kunne kjenne igjen slike velferdsindikatorar slik at vi kan bidra til god hestevelferd.

Oppgåver

  1. Kva er velferdsindikator på hest?

  2. Kom med døme på nokre positive og negative velferdsindikatorar på hest.

  3. Gå inn på Mattilsynet si side om varsling, og sjå korleis du kan melde inn ei bekymring.

  4. Diskuter dette dømet:
    Mattilsynet fortel at om våren melder veldig mange inn bekymring om ein stall nær eit bustadfelt fordi det er sølete i luftegardane. Er det ein negativ velferdsindikator at det er søle i luftegarden når snøen forsvinn? Er det lurt å melde dette som bekymring til Mattilsynet? Er det noko anna ein kan gjere?

Velferdsindikator

Ein faktor vi kan observere eller måle anten på dyret direkte eller i omgivnadene. Vi har to typar:

  • dyrebaserte velferdsindikatorar som kan målast eller observerast på hesten

  • miljøbaserte velferdsfaktorar som kan observerast i miljøet rundt hesten

Relatert innhald

Kan du å visitere hesten? Kva vil det seie, og korleis gjer vi det? Å visitere vil seie å kontrollere, og vi kontrollerer helsetilstanden dagleg.

Hesten har, som andre ville og tamme dyr, nokre naturlege behov. Når dei naturlege behova blir hindra, kan det oppstå uønskt åtferd.

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2021

Læringsressursar

Hesten – biologi og natur