Hopp til innhald

Fagstoff

Forplanting hos rein

Brunsttida hos reinen startar i siste halvdelen av september og varer i ca. tre–fire veker. I denne perioden blir bukkane interesserte i simlene og vil gjerne pare seg. Simla er drektig i ca 7,5 månad. Kalvinga går føre seg i april og mai.
To reinsdyr i høgfjellet, det eine har eit lite gevir og det andre eit stort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Simler i brunst

Brunsten til simla er meir usynleg enn brunsten til bukken – han kan nesten ikkje observerast. Simlene kan vere brunstige allereie når dei er eit halvt år gamle (čeapmat), men dette skjer berre hos dei aller største simlekalvane. Simlene kan få kalv til dei er opptil 15–16 år.

Horein = njiŋŋelas

Hannrein = varis

Bukkar i brunst

Reinokse med stor gevir. Foto.

Bukkane er brunstige (bedekningsvillige) frå dei er 1,5 år (varit). Om sommaren har grabukkane ein tendens til å skilje lag med resten av flokken og beite for seg sjølv i småflokkar.

Frå midten av september, etter at dei er ferdige med å feie horna, begynner dei å komme tilbake til resten av flokken att. Dei eldste bukkane feiar horn i slutten av september. Bukkane har då store, mørke, blanke gevir og ei stolt haldning.

I byrjinga av brunsten prøver bukkane å samle små simleflokkar, samtidig som dei prøver å jage andre brunstige bukkar bort. Av og til blir det full slåsskamp. Målet er å bli eineherskar over så mange simler som mogleg.

Når bukkane er i brunst (ragat), luktar dei stramt og sterkt. Vi kan kjenne det på kjøttet dersom det kjem frå ein bukk som er slakta mens han er i brunst.

Forstyrringar under brunsten

Det er mange ting som kan forstyrre reinen under brunst. Paringa kan bli forseinka av uvêr, snø og kaldt vêr. Reindriftssamane vil ikkje røre reinflokken under paringstida, for dei vil la paringa skje på best mogleg måte, slik at dei får best mogleg kalvingsresultat om våren. Forstyrringar kan føre til at simlene anten ikkje blir bedekte, eller at dei mistar kalven.

Fem reinsdyr i silhuett mot himmelen på snødekt åsrygg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Drektigheit hos rein

Det er vanskeleg å fastsetje nøyaktig drektigheitstida hos reinen, fordi ein ikkje veit nøyaktig når simla blir befrukta. Drektigheitstida er rekna for å vere ca. 7,5 månader. I byrjinga er det vanskeleg å sjå på simla at ho er befrukta. Det finst derimot nokre teikn i november som kan vise at simla kan vere drektig. Eitt av dei er at kalven (som er fødd om våren) sluttar å patte fordi simla er drektig. Simler som ikkje ber på kalv (rotnu), kan felle geviret tidleg på vinteren, mens simler som ber kalv, beheld geviret til dei har kalva.

Kor mange simler som er drektige, varierer frå år til år. Det kan ha fleire årsaker. Ei av årsakene kan vere at nokre simler ikkje tek kalv om hausten (ikkje blir drektige). Tilhøva i løpet av vinteren har òg noko å seie for om simler får kalv eller ikkje.

Reinsdyr som beitar i vinterlandskap, på nakken er det merkt med ei blå stripe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå gammalt av har reindriftssamane vore svært nøye med å unngå å handtere flokken (flytte, ha i gjerdet og så vidare) i slutten av mars (Márjjabeaivvit) fordi den drektige simla då er svært skjør. Simla må få beite i fred og ro, elles kan ho abortere (reitot). Dersom ein flyttar med ein simleflokk (čoavjjeteallu) på vårvinteren når det er eit tynt, skarpt islag øvst på snødekket (moarri), må ein vere svært forsiktig og ikkje drive flokken for hardt. Reinen kan lett trø gjennom moarri, noko som kan gi sår på beina og òg føre til at fosteret blir skadd eller snur seg feil veg.

Kalving

Kalvinga tek til i april for enkelte sørlege distrikt, men i Finnmark startar kalvinga dei første dagane i mai. På nordsamisk seier ein at den 3. mai (ruosmmesbeaivi = kormesse) skal det vere kalv i alle siidaer. Største delen av kalvinga (báris guottet) er i midten av mai, omkring Eriksmesse (18. mai).

Dei fleste siidaer har eigne kalvingsområde der dei oppheld seg under kalvinga. Instinktet til simla er å trekke mot dei faste kalvingsplassane sine før kalvinga tek til. Reingjetarane klarer nesten ikkje å halde simla tilbake når det tek til å nærme seg kalvingstida.

Simla kalvar både på barmark og snødekt mark. Sjølve fødselen tek ikkje lang tid om alt er normalt, frå nokre minutt til ein halv time. Simlene skal ikkje forstyrrast under kalvingstida. Dersom dei blir skremde, kan dei forlate kalvane. Dersom ein tek på ein nyfødd kalv slik at simla kjenner den framande lukta, kan ho avvise han. Unge simler, eller dei som er førstegongsfødande, er spesielt vare for forstyrringar på kalvingsplassen. Derfor er det viktig å la simlene vere i fred, slik at dei tek vare på kalvane sine.

Liten, brun kalv saman med reinflokken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ikkje alle kalvar overlever. Dersom kalven blir forlaten av mora, kan han lettare bli utsett for rovdyr. Vêrforholda verkar òg inn. Dersom det tidleg i kalvingsperioden blir sørpe i snøen, og dersom ein flokk blir skremd, kan kalven omkomme i sørpa.

Forholdet mellom simle og kalv er viktig. Det er ei så sterk binding mellom simle og kalv at det påverkar åtferda deira sterkt om dei blir skilde. Når ei simle spring hit og dit og leitar etter kalven sin, blir det kalla ohkolajis. Konsekvensen av ei slik åtferd kan vere at simla kjem på avvegar.

CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 14.11.2017

Læringsressursar

Om reinen – boazu