Hopp til innhald

Fagstoff

Ernæring hos rein

Reinen har stor tilpasningsevne og utnyttar dei beiteplantene som er tilgjengelege. Han utnyttar energien i beiteplantene svært godt.

Opportunistisk planteetar

Reinen er ein opportunistisk planteetar. Det vil seie at han har evna til å utnytte dei ressursane som er tilgjengelege, og velje dei plantene som har best kvalitet. Reinen tilpassar beitinga etter beite- og snøforhold og flyttar mellom forskjellige beiteland. Gjennom heile året ernærer reinen seg av den vegetasjonen som veks på vidda, sjølv om han i periodar flyttar eller bevegar seg til lågare vegetasjonar (område), som til dømes kysten. Reinen vandrar mykje om sommaren.

Reinen beiter vanlegvis lav om vinteren, men han beiter også gras og lyng. Om sommaren et reinen for det meste grøne planter. På sommaren og tidleg på hausten er beitet godt. Urter, gras og lyng har mykje energi og protein som reinen treng.

Reinen treng fred og ro til å beite. Dersom han får det, klarer han seg bra. Det er stor forskjell på korleis sauen og reinen oppfører seg på beite. Sauen snaugneg, medan reinen nappar litt her og der og vel det finaste og mjukaste på plantene. Han sorterer for eksempel ut mjukt lauv i sparsam mengde blant tørr lyng. Han bruker framtennene til å rispe lauv av vier og bjørk.

Viktige beiteplanter

Næringsbehovet blir tilfredsstilt når reinen har høve til å beite på ulike planter, som til dømes grasplanter, urter og lav. Han et over 200 ulike typar planter. Men han er svært kresen, han vel ut det han vil eta, og spyttar ut det ha ikkje vil ha. Reinen vil ha mjuke planter, og et derfor ikkje alt. Dersom vi sjekkar beitegropene, suovdnji, om vinteren, ser vi at han legg att det lavet han ikkje vil eta.

Sommar

Om sommaren når reinen er ved kysten, anten på øyane eller på fastlandet, beiter han først og fremst grøne planter. Kystområda er gode område for rein, sidan det der ofte finst mykje gras- og urterik lauvskog, engsamfunn, grasmyr, blautmyr, blanda myr, friske risheiar, grasheiar og snøleie, fjellbjørkeskog, bjørkeskog av tytebær-/kreklingtype og opne rabbesamfunn. Ofte blir det tidleg bart på kysten, noko som gjer at det blir tidlegare grønt.

Tidleg om våren ser reindriftssamane etter område der det er rahttá, altså der det spirer av grønt, der reinen kan finne næring. Vegetasjon på sommarbeite er viktig for reinen, for då veks han mest. Dei grøne vekstane er rike på protein og mineral og gir reinen eit grunnlag for både vekst og opplagsnæring for vinteren. Plantene veks opp med mykje lys, og dei blir dermed rike på klorofyll, eggekvitestoff, mineral og vitamin.

Om sommaren kan reinen velje og vrake mellom unge, mjuke og næringsrike planter. Sjølv om reinen ikkje har fått nok næring om vinteren på grunn av snøforholda, gjer han seg nytte av dei næringsrike plantene og veks raskt.

Haust

Om hausten når frostnettene kjem, forsvinn den grøne vegetasjonen frå sommaren raskt. Då må reinen klare seg med simplare kost enn det han hadde om sommaren. Vêrforholda har då mykje å seia. Er det tørt vêr og ikkje mykje nedbør og frost, er ein del gras og urter framleis godt for reinen. Tidleg om hausten kan det også vere mykje sopp. Reinen liker mange soppartar, som skjeggriske (riesaráski – Lactarius torminosus) og raudskrubb (ruksesgusaguoppar – Leccinum versipelle). Han kan gå over store område for å få tak i soppen.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Det at reinen går etter sopp, har store konsekvensar for flokken som eining, fordi reinen då kan spreie seg fort, og det blir vanskeleg å få samla flokken att. Når reinen spring etter sopp, blirdet kalla vista. Om hausten finn reinen også mat i myrområde. Her finn han saftige overvass- og undervasskot og røter. Sjølv om myrane frys, kan reinen finne tjukke, grøne skot av ein del artar starr. På myrane kan reinen beite lenge.

Haustvinter og vinter

På førjulsvinteren klarer reinen seg bra sjølv om beitet er skralt, og fordi han kan beite meir og meir lav etter at graset er visna. På grunn av næringsinnhaldet i maten han et, hender det at vekta ikkje aukar i denne perioden. Snødekket har stor innverknad på vegetasjonen. Det vernar plantene som er under snøen. Snøforholda avgjer også om reinen klarer å få tak i mat. Han er avhengig av å kunne sparke hol i snøen for å nå maten. Ordet guohtun skildrar beiteforhold og tilgang til mat – kor lett eller vanskeleg det er for reinen å få tilgang til mat ved å grave gjennom snøen.

Les meir om snøforholda på vinterbeiteområde under emnet "Å arbeide med rein – siiddastallan".

Reinflokk på vidde dekt av snø. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om vinteren beiter reinen på ulike typar lav, lyng, ris og kjerr. Det er dei energirike lavartane som er fattige på protein og mineral, som held liv i reinen. Lavet er ein dobbelorganisme: ein algesopp som lever saman med eincella grøntare. Somme lavartar har cyanobakteriar og ikkje algar, medan nokre artar har begge delar. Eit samliv mellom organismar blir kalla symbiose, og det vil seie at dei to organismane er nyttige for kvarandre (dei har fordel av samlivet). Algesoppen gir utsjånad til planta. Lav har ikkje rot, og lav kan også vekse på stein, tre eller mark. Algecellene veks ofte på innsida av utvekstar der det er gode veksevilkår.

Lav er ein fleirårig organisme, og han er motstandsdyktig mot tørke. Reinen liker ferskt lav best. Lav kan vekse på plassar som ikkje har så mykje kalk. Han veks best på næringsfattige og tørre område. Nokre lavartar veks på stein, og det er dette reindriftsutøvarane kallar for ganat eller steinlav (stein-, bjørk- og treganat). Ved vinterlege forhold på vårparten, med sein snøsmelting, har reinen spesielt nytte av steinlavet (gatna). På den måten vil ur og stein (juovva), som i jordbrukssamanheng blir sett på som heilt unyttig, under visse forhold vere uvurderlege for reindrifta. Reinlav høyrer til Cladonia-arten, og det finst fleire underartar.

Nokre reindriftssamar nødfôrar eller tilleggsfôrar reinen i korte periodar under vanskelege klimatiske forhold. Reindriftsutøvarar ønskjer ikkje at reinen skal bli avhengig av permanent fôring, for dei er redde for at han då ikkje skal klare seg åleine i dei naturlege omgivnadene sine. Nødfôr kan vere rundballar, lav og reinfôr.

CC BY-SASkrive av IMGEira.
Sist fagleg oppdatert 23.11.2017

Læringsressursar

Om reinen – boazu