Hopp til innhald

Fagstoff

Sikkerheit med hund i undervising

Viss du skal ha med hunden din på skulen eller på turar med skulen, er det nokre ting du bør tenkje på.
Hund som ser på ei hand med godbitar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Val av hund

Ta ein felles diskusjon med ein fagperson om hunden er eigna for å vere med i undervising. Han bør vere frisk nok, komfortabel med transporten til og frå undervisinga, kunne lære seg å vere stalla opp utan å bli stressa og oppnå tryggleik i eit miljø der det skjer andre ting. Hunden må ha god velferd i undervisinga. Ofte må han få vere med nokre gonger for å falle til ro og bli trygg.

Åtferd

Mange hundar taklar å vere med i undervising, men ikkje alle. Her er nokre typiske grunnar til at hundar ikkje bør vere med i undervising:

  • Hunden viser vilje til å bite eller angripe menneske.
  • Hunden kan ikkje skjermast nok under transporten til at han har god velferd.
  • Hunden er utrygg for andre menneske på skulen eller under transporten.
  • Hunden er vedvarande redd.
  • Hunden kan ikkje bli stalla opp utan å vere engsteleg eller bjeffe, hyle eller stresse.

Viss hunden ikkje trivst i undervisinga, bør han heller få vere heime.

Helse

Ein fagperson bør informerast om helseproblema til hunden, slik at ein kan ta ei felles vurdering. Mange helseproblem er ikkje eit problem for funksjonen til hunden.

Enkelte typar utstyr eller aktivitetar krev styrke og fysikk hos hunden. Ein fagperson kan vurdere om hunden kan delta.

Hunder som har hoste, diaré, nedsett allmenntilstand eller ein mistenkjer har smittsame sjukdommar, bør haldast heime.

Vel utstyr som passar til turen og fysikken til hunden, viss hunden skal vere med på tur. Ein fagperson skal vurdere om hunden er skikka til å gå på turen.

Hund i nomesele og med langline spring på fjellet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr til hunden

Hunden må ha på sele som er sikker for rømming. Selen bør gå bakom ribbeina på hunden, slik at hunden ikkje kan rygge seg ut av han. Selen bør ha solide festepunkt. Ein bør unngå halsband. Viss hunden ikkje kan bruke sele, bør du ha eit breitt og komfortabelt halsband som er vidt nok til å ikkje vere ukomfortabelt, og samtidig så stramt at hunden ikkje kan rygge ut av det. Bruk aldri strupeband. Det kan skade og skremme hunden. Halvstrup kan vere meir føremålstenleg og sikkert enn vanlege stillbare halsband.

Leigeband eller koppel bør vere av god kvalitet. Du bør ikkje bruke snelleband eller fleksiline. Det kan skade deg eller hunden, og du har mindre kontroll. Bruk eit band som er 2–4 meter langt med ein god karabinkrok og løkke til handa di. Ha handa inni løkka. Fest karabinkroken i selen, ikkje i halsband.
Ikkje bruk BGB-krok, spesielt viss du skal feste han i ein liten ring. Då risikerer du at han smett av. Bruk pistolhake.

Kameratsjekk: be ein kollega eller fagperson om hjelp til å få vurdert om utstyret er sikkert.

Verneutstyr og klede

Du treng oftast ikkje spesielt personleg verneutstyr. Men du må ha på deg funksjonelle klede. Kleda bør tole skitt og skrap frå klør, du bør lett kunne bøye deg i dei, og dei bør ikkje vere bråkete. Kleda bør sitje nokolunde tett på kroppen. Opne frakkar og store jakker er lite føremålstenlege fordi det forstyrrar deg og hunden i arbeidet. Unngå kaps eller hatt, fordi hunden vil ha problem med å lese deg. Kle deg etter vêret.

Ta omsyn

  • Gå ikkje fram til hundar i bur eller bil.
  • Ikkje la hunden din helse på hundar eller framande personar.
  • Ikkje hels på hundar sjølv. La dei heller helse på deg.
  • Ta omsyn med hunden din. Forstyrr ikkje folk, hundar eller hestar. Hald generelt god avstand.
  • Vêr ekstra omsynsfull med hundar som treng stor avstand til hundar og folk. Gå så langt bort at den andre hunden roar seg ned.
  • Du må ikkje forlate hunden åleine der andre kan komme til han. Ikkje bind hunden og gå frå han.
To barn som sit på bakken med ein liten kvalp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Barn og besøkande

Når ein bruker dyr i undervising, skal ein alltid gjere ein risikoanalyse saman med fagperson. Hald generelt barn borte frå hundar i undervising. Viss hunden skal ha kontakt med andre, skal dette risikovurderast og førebuast.

Viktig på eit anlegg med hund

Steng alltid dører og portar etter deg. Lås dører og portar som hundar kan opne sjølv.

Når du går gjennom ei dør med ein hund, skal du sjekke at du ikkje treffer på hundar på den andre sida. Her kan du bruke ein medhjelpar til å sjekke.

Ikkje slepp hundar saman i undervising med mindre det er ein planlagt del av undervisinga.

Plukk opp etter hunden.

CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Sikkerheit