Generelt om formeiring hos dyr
Individa kjempar om mat og territorium, vandrar over store strekningar og tek i bruk mange ulike åtferdsmønster for å klare seg frå dag til dag. Det er likevel berre gjennom å få avkom at arten kan overleve.
Generelt sett er det slik at artar som investerer mykje energi i å produsere mange kjønnsceller og få mange ungar, viser lita eller inga omsorg for avkommet. Fisk som gyter i dei frie vassmassane, er eit godt eksempel på dette. Artar som produserer få kjønnsceller og får få ungar, slik som apar, menneske og elefantar, investerer på si side desto meir tid og energi i omsorg og yngelpleie.
Vi veit ikkje kor mange dyreartar det finst på jorda. Ein stad mellom 3 og 30 millionar er det realistisk å tenkje seg. Kvar art har sin nisje i naturen, og artane konkurrerer heile tida med kvarandre. Som ein naturleg del av utviklinga døyr nokre artar ut, og nye artar oppstår.
Når mange artar er med i kampen for å overleve, vil det utvikle seg spesialtilpassingar som gir konkurransefordelar. Dette resulterer i stor variasjon i formeiringsstrategiar og -syklusar. Formeiringsåtferda er nesten like variert som talet på artar og er oftast sterkt knytt til miljøet arten lever i. Kampen for å vinne gunsten til hoa og retten til å formeire seg kan vere så intens at nokre individ døyr.
Parasittiske artar som bendelorm og malaria utnyttar andre organismar for å fullføre formeiringssyklusen sin.
Med få unntak formeirar alle dyr seg kjønna i løpet av livssyklusen sin. Då blir det genetiske materialet frå hannen og hoa blanda i ei befrukta eggcelle. Livet på jorda starta i havet, men har gradvis utvikla seg, og mange livsformer er tilpassa miljøforholda på land. Dette speglar seg i måten dyra formeirar seg på.
Mange artar som lever i vatn, gyter direkte i dei frie vassmassane. Eggcellene blir befrukta her, og zygoten som blir danna, utviklar seg til ein frittsymjande larve som lever og utviklar seg vidare i vatn.
Nokre landlevande dyr, slik som amfibium, vender tilbake til vatn for å gyte. Egga blir befrukta og utvikla i vatn. Larven som blir danna frå zygoten, held òg til i vatn, men utviklar seg gradvis til eit vakse individ som til slutt kryp opp på land og lever mesteparten av livet sitt der.
Hos artar som har frigjort seg heilt frå eit liv i vatn, slik som krypdyr og fuglar, har det livsviktige behovet for fukt omkring fosteret blitt teke hand om ved å utvikle egg med skal. Nokre ganske få primitive pattedyr legg òg egg, men hos dei aller fleste pattedyra blir avkommet utvikla innvendig hos hoa, i ei livmor, der fosteret sym i fostervatn. Når vår eigen art er på fosterstadiet, badar vi i fostervatn med same saltinnhaldet som urhava på jorda hadde. Dette minner oss om den evolusjonære fortida vår i havet.