Dyr - Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Dyr

Dyr vert kalla konsumentar fordi dei må ha næring i form av mat. Dei kan ikkje ta opp energi frå sollyset slik som planter kan.

Dyr kan delast i mange grupper – for eksempel pattedyr, fugl og fisk. Ulike dyr er tilpassa ulike levestader, klima og næring. Når vi skal halda dyr i fangenskap, eller jakta på dyr, treng vi kunnskap om korleis dei lever, og kva åtferd dei har.

Næring

Dyr er tilpassa ulike typar næring. Nokre dyr er planteetarar og kan fordøya cellulosen i gras og blad, medan andre lever av å eta andre dyr. Fordøyingssystemet til dyra er tilpassa den næringa dei et. Kyr har fleire kammer i magen for å kunna fordøya cellulosen i graset. Rovdyr har ein enkel mage, men ein lang tarm der næringa vert teken opp.

Pusteorgan

Dei fleste landlevande dyr pustar med lunger. Dyr som lever i vatn, har som oftast gjeller. Lunger og gjeller har same funksjon, men er tilpassa ulike levestader.

Formeiring

Dyr må formeira seg for å føra arten vidare. Dei fleste dyr har kjønna formeiring, som startar med at hannen og hoa finn saman i ein leik eller eit spel. Dette går føre seg på tallause måtar, og det å studera dyr som leikar, er spennande. Nokre dyr tek godt vare på avkommet sitt i lang tid, medan andre overlet ungane til seg sjølve. Dyr som har lang yngelpleie, får gjerne færre avkom.

Åtferd

Åtferda til dyra er også tilpassa levestaden og miljøet. Nokre dyr er sosiale og lever i flokkar, andre lever meir kvar for seg. Nokre dyr er aktive om dagen, andre om natta. Nokre bevegar seg mykje, medan andre er rolegare. Når vi skal halda dyr i fangenskap, er det viktig å kjenna til korleis den naturlege åtferda deira er, slik at vi kan gi dei best mogleg stell.

Hugselappen

Dyr er konsumentar. Dei må ha mat.

Dyr vert delte i grupper etter korleis kroppen er bygd opp.

Utsjånaden og åtferda til dyra er eit resultat av miljøet dyra lever i.

Dyr kan vera planteetarar, dyreetarar eller ein kombinasjon.

Dei fleste dyr formeirar seg kjønna.

Skrive av Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 10.10.2017