Hopp til innhald

Fagstoff

Krepsdyret raudåte – ein nøkkelart

Raudåte er eit lite krepsdyr (dyreplankton) som finst i heile Nord-Atlanteren. Sidan det er så enormt mykje av henne, speler raudåta ei sentral rolle i overføring av energi frå primærprodusentar (planteplankton) til konsumentar (fiskelarver og planktonetande fisk).
To rauåter og flere nauplielarver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Eit gjennomskinneleg lite krepsdyr i havet.

Fakta om raudåte

Latinsk navn: Calanus finmarchicus
Andre norske navn: hoppekreps (ei fellesnemning for kopepodartane, inklusiv raudåte)
Familie: Calanidae
Maks størrelse: cirka 3,5 mm

Levetid: 1 år

Leveområde: Norskehavet er kjerneområdet i farvatna hos oss, men arten finst også i tilgrensande havområde og djupe fjordar.

Gytetidspunkt: vår
Føde: planteplankton

Raudåta (leddyr, krepsdyr) – lita, viktig, robust og fleksibel

Raudåta er ein calanoid hoppekreps (underklasse Copepoda). Som andre leddyr, mellom dei krepsdyr, er kroppen delt opp i ei rekkje ledd. Legg merke til dei lange leddelte antennene med vedheng heilt yttarst som er typisk for raudåta. Den kraftige «overkroppen» består av eit samanvakse hovud og brystparti og den korte halen. Med ei kroppslengd på 2–4 mm er raudåta eit relativt stort dyreplankton.

Sjølv om raudåta føretrekkjer dei kalde områda i Nord-Atlanteren, er ho i stand til leve i ulike miljø. Vi finn henne frå havoverflata og heilt ned til cirka 4000 meters djup.
Sør for utbreiingsområdet lever den nære slektningen Calanus helgolandicus, og i arktis Calanus glacialis.

Nøkkelart

Raudåta finst i heile Nord-Atlanteren og er spesielt interessant fordi det er så mykje av henne. Ho utgjer mer enn halvparten av den totale biomassen av hoppekreps i dei subarktiske områda. Raudåta utgjer for eksempel så mykje som 60 % av maten til den nordaustatlantiske sildestammen som har beiteområda sine i Norskehavet mellom Noreg og Island.

Etter at silda har gytt ved kysten i mars og april, symjer ho ut i Norskehavet for å beite. I løpet av noen hektiske vår- og sommarmånader kan ein sildestamme leggje i seg opptil 40 millionar tonn mat. Av det kan raudåta utgjere meir enn 25 millionar tonn! Raudåta er det vi kallar ein klassisk nøkkelart i det marine næringsnettet i Nord-Atlanteren.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Frank Emil Moen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Havet