Ergonomi i helseservicearbeid

Ergonomiske utfordringar
Ergonomi er ein del av HMS-arbeidet og handlar om å førebygge belastningsskadar i arbeidslivet. I helseserviceyrke bidreg god ergonomi til betre helse, trivsel og sikkerheit for dei tilsette. Helseservicearbeidarar har fleire ergonomiske utfordringar som oppstår ved statisk arbeid, gjentekne rørsler og handtering av utstyr og pasientar. Samtidig har kvart yrke sine spesifikke utfordringar knytte til ulike arbeidsoppgåver. Desse kan føre til belastningsskadar på rygg, skuldrer, nakke og ledd.
Vanlege ergonomiske utfordringar i helseserviceyrka:
statiske arbeidsstillingar med mykje tid framfor pc
arbeid med løfte armar over skulderhøgde, til dømes ved henting og påfyll av ulike artiklar frå overskap og hyller
gjentekne rørsler (skriving på tastatur, handtering av småutstyr)
psykiske belastningar og stress, til dømes på grunn av tidspress og mange oppgåver som skal løysast samtidig, kan påverke kroppshaldning og gi muskelspenningar, som over tid kan føre til plager
løfting og flytting (omfanget varierer mellom dei ulike yrka)
Ulike utfordringar i helseserviceyrka
Apotekteknikar
Ein apotekteknikar møter fleire ergonomiske utfordringar i arbeidskvardagen. Mykje ståande arbeid bak skranke kan over tid belaste kne, hofter og rygg, særleg dersom golvet er hardt og arbeidsstillinga lite variert. Arbeidet inneber ofte bøying og strekking for å hente varer og dessutan gjentakande rørsler som kan gi slitasje på musklar og ledd i armar og skuldrer. Apotekteknikarar må i tillegg løfte mange tunge esker gjennom dagen, både ved vareleveransar og påfylling i hyllene.
Helsesekretær
Arbeidet som helsesekretær inneber mykje stillesitjande pc-arbeid med tastatur og mus og hyppig telefonbruk. I tillegg består arbeidsdagen av praktiske oppgåver som til dømes blodprøvetaking, sårstell og registrering av EKG. Dette medfører mykje framoverlent arbeid, gjentekne rørsler eller arbeid med løfta armar, avhengig av pasient og situasjon. Oppgåver som arkivering og henting av materiell frå overskap kan òg bidra til einsidige og lite gunstige arbeidsstillingar.
Tannhelsesekretær
I jobben som tannhelsesekretær arbeider du ofte i eit lite arbeidsområde, munnen til pasienten, tett på pasienten og tett på tannlegen. Du må ofte ha framoverlent stilling med hevde olbogar og sitje lenge i same posisjon, noko som kan belaste nakke, skuldrer og rygg. Arbeidsdagen kan vere hektisk og krevje at du handterer fleire arbeidsoppgåver samtidig, der du både assisterer tannlegen og utfører andre praktiske oppgåver i resepsjonen eller på sterilrommet.
Portør
Som portør møter du fleire ergonomiske utfordringar i kvardagen. Arbeidet medfører mykje gåing og ståing, noko som kan belaste føter, kne og rygg over tid. I tillegg handterer du tunge løft og flytting av både pasientar og utstyr, noko som krev rett løfteteknikk og bruk av hjelpemiddel for å unngå skadar. Jobben kan òg innebere dytting og trekking av senger, rullestolar eller apparatur, ofte over lengre avstandar og gjennom korridorar eller dører som ikkje alltid er tilrettelagde.
Tiltak på arbeidsplassen
Alle yrka har ulike ergonomiske utfordringar, men felles mål er å førebygge skadar og fremme helse, trivsel og kvalitet i arbeidet. Arbeidsgivaren har ansvaret for å legge til rette og samarbeide med verneombodet som kan bidra med råd, opplæring og ergonomisk gjennomgang av arbeidsplassen.
Førebygging av belastningslidingar
Varier arbeidsstilling ved å veksle mellom å sitje, stå og bevege deg, og sørg for rett sitjestilling når du sit.
Bruk tekniske hjelpemiddel, til dømes heve-og-senke-pult, hjelpemiddel for flytting, avlastingsmatter, hovudtelefonar, ergonomisk musematte med støtte eller instrument med ergonomisk handtak.
Tilpass arbeidsplassen ved å sørge for rett innreiing og plassering av utstyr.
Ha gode sko som gir støtte ved mykje gonge og ståande arbeid, eventuelt kombinert med støttestrømper for å førebygge belastning i beina.
Ta regelmessige pausar og gjer enkle tøyeøvingar.
Få opplæring i ergonomi og rett arbeids- og flyttingsteknikk.
Samarbeid med kollegaer ved tunge løft og flyttingar.
Frem støttande psykososiale forhold og trivsel på arbeidsplassen. Dette kan vi til dømes gjere gjennom jamlege personalmøte, kurs i stressmeistring eller korte avspennings- og pusteøvingar i løpet av arbeidsdagen.
Legg til rette for fysisk aktivitet både i og utanfor arbeidstida.
Utfordringar til deg
Kva følger kan det få for pasientane og bedrifta viss helseservicepersonell får belastningsskadar og blir sjukmeldt?
På kva måtar kan du påverke din eigen arbeidsdag for å førebygge belastningsskadar?
Korleis kan eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø påverke kroppen din og bidra til belastningsskadar over tid?
Relatert innhald
Kva er samanhengen mellom ergonomi og helse?
Ergonomi i arbeidet er ein del av det daglege ansvaret ditt som fagarbeidar.