Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Ergonomi for helseservicearbeidarar

I desse oppgåvene skal du utforske ergonomiske utfordringar i helseserviceyrka. Du lærer å observere og kartlegge arbeidsstillingar, foreslå tiltak for å førebygge belastningsskadar og gi og få konstruktive tilbakemeldingar.

Kva kan du om ergonomi?

  1. Kva meiner vi med omgrepet ergonomi, og kvifor er det viktig i helseserviceyrke?

  2. Kva felles ergonomiske utfordringar kan oppstå for tilsette i helseserviceyrke?

  3. Gi døme på spesifikke ergonomiske utfordringar for éi av yrkesgruppene (apotekteknikar, helsesekretær, tannhelsesekretær eller portør).

  4. Kva tiltak kan arbeidsgivar og tilsette samarbeide om for å førebygge belastningsskadar?

  5. Nemn minst to konkrete måtar ein arbeidstakar sjølv kan førebygge ergonomiske plager på i arbeidskvardagen.

Ergonomi på arbeidsplassen

Vel ein arbeidsplass der du kan observere arbeidsoppgåvene til ein helseservicearbeidar. Dersom du har praksis, kan du gjennomføre oppgåva der, eller du kan prøve å avtale ein dag med hospitering viss du ikkje har vore i praksis enno.

Alternativ til observasjon i praksis

Dersom de ikkje har høve til å observere ein helseservicearbeidar i praksis, kan de i grupper på tre lage eit rollespel der de viser vanlege arbeidsoppgåver i det yrket de har valt. Ein av dykk er helseservicearbeidar, ein er pasient, og ein er verneombodet som observerer når helseservicearbeidaren gjennomfører ulike arbeidsoppgåver.

Den som har rolla som verneombod, noterer observasjonar sine for dei ulike punkta i oppgåve 1. Jobb saman i gruppa med oppgåve 2, og presenter saman for klassen i oppgåve 3. Ver med på vurdering av arbeidet i oppgåve 4.

1. Observasjon

Følg arbeidsdagen til ein helseservicearbeidar og beskriv konkrete situasjonar med praktiske døme for kvart av desse områda:

arbeidsstillingar
Står eller sit den tilsette ofte, eller arbeider hen mykje i ein bøygd posisjon, og varierer hen stillingane?
løft og flytting
Korleis blir tunge gjenstandar handterte, og blir det brukt ergonomiske hjelpemiddel?
gjentekne rørsler
Utfører den tilsette mange einsformige rørsler, som tastaturbruk eller handtering av småutstyr?
pausar og variasjon
Tek den tilsette pausar og varierer oppgåver?
psykososiale faktorar
Er den tilsette utsett for høgt stressnivå i løpet av dagen?

2. Kartlegging og forslag til tiltak

Noter observasjonane dine, og kartlegg gode døme på ergonomi i praksis. Foreslå tiltak dersom du oppdagar dårlege arbeidsstillingar eller andre ergonomiske utfordringar.

3. Presentasjon

Vel ein måte å presentere observasjonane dine på framfor klassen:

  • kort video

  • plakat

  • digital presentasjon

  • brosjyre

4. Kvarandrevurdering

Gi kvarandre munnlege tilbakemeldingar både på det faglege innhaldet, inkludert observasjonar, kartlegging og foreslåtte tiltak, og på den valde presentasjonsforma.

  • Sei éin ting som fungerer godt – noko positivt du har lagt merke til i innhaldet eller presentasjonen.

  • Sei éin ting som kan forbetrast – gjerne eit konkret forslag til kva som kunne vore gjort annleis eller tydelegare.

Ver konstruktiv og respektfull. Målet er å hjelpe kvarandre til å lære meir, ikkje å kritisere.

Relatert innhald

Skrive av Aleksandra Krogh.
Sist oppdatert 23.09.2025