Betydninga av smittevern

1. Smittekjeda
For å forhindre overføring av smitte må vi bryte smittekjeda. I dei to interaktive oppgåvene under kan du øve deg på smittekjeda, eller raskt sjekke kva du hugsar om ho, før du jobbar vidare med temaet praktisk smittevern.
Oppgåve A: Gongen i ei smittekjede
Plasser ledda i smittekjeda i rett rekkefølge i hjulet under. Smitteinngang er allereie markert som første ledd i kjeda.
Oppgåve B: Forklaringar til smittekjeda
Kombiner rett forklaring med rett omgrep i smittekjeda.
2. Smittevern og eigne erfaringar
Kva betyr praktisk smittevern? Lag eit tankekart eller eit kort notat over korleis du utøver praktisk smittevern i det yrket du vil utdanne deg til, og om kvifor smittevern er viktig for kvar enkelt og for samfunnet.
Har du vore i ein situasjon der du måtte ta ei avgjerd og utøve praktisk smittevernarbeid?
Kva situasjon?
Korleis handterte du situasjonen ?
Vurder kvifor det var viktig at du varetok smittevern i den situasjonen, både for deg sjølv og for andre.
Del erfaringane dine med ein eller fleire medelevar.
3. Praktisk smittevern
Tenk deg at det har brote ut ein smittsam sjukdom, og du er på jobb i eit av helseserviceyrka. Vel sjølv kva for ein smittsam sjukdom det er, og kva yrke du jobbar i. Du får i oppdrag å finne ut følgande:
Korleis smittar sjukdommen?
Kva konsekvensar kan sjukdommen ha for enkelpersonar og samfunnet?
Kva for nokre praktiske smitteverntiltak må du praktisere i dette yrket for å hindre spreiing?
Kva tenker du er effekten av desse tiltaka for samfunnet samla sett?
4. Informasjonstekst om smittevern
Skriv ein kort informasjonstekst for elevar som skal ut i praksis i det yrket du vil utdanne deg til. Teksten skal innehalde svar på følgande spørsmål:
Kvifor er smittevern viktig for deg som menneske?
Kvifor er smittevern viktig i dette yrket?
Kvifor er smittevern viktig for samfunnet?
Kva for nokre etiske dilemma kan oppstå i samband med smittevern?
Kva grupper i samfunnet er mest sårbare for smittsame sjukdommar, og korleis kan vi verne dei?
Kva ansvar har kvar enkelt for å bidra til smittevern?
Kva ansvar har du som fagarbeidar for å bidra til smittevern?
Kjeldetilvisingar
For å gjere teksten din betre kan du be ein medelev lese gjennom han og gi deg tilbakemeldingar på korleis du kan forbetre det faglege innhaldet og den skriftlege framstillinga. Du kan òg bruke ein praterobot til å forbetre teksten din. Gjer eventuelt endringar baserte på tilbakemeldingane.
Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale. Bruk derfor tenester som er godkjende av skulen din.
Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for deg. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA med Feide-pålogging.
5. Smittevernkampanje
Jobb saman i par eller grupper. Lag ein smittevernkampanje for det yrket de vil utdanne dykk til. Kampanjen skal innehalde:
ein plakat som informerer om viktigheita av smittevern for kvar enkelt og samfunnet, med faktum og tips
ein kort video (4–5 minutt) der de presenterer funn og praktiske tiltak de meiner er viktige for å vareta smittevern i dette yrket. Videoen skal òg vise korleis ein utøver praktisk smittevern.
ein elevaktivitet (til dømes quiz, bingo, fleirvalsoppgåve, sant/usant) som oppmodar medelevar til å delta aktivt i smittevernkampanjen dykkar
Kvar gruppe presenterer kampanjen sin for klassen. Det kan vere ei utstilling med plakat og video og gjennomføring av elevaktiviteten.
6. Refleksjon over eiga læring
Vurder di eiga læring etter at du har jobba med fagstoff om smittevern. Lag to kolonnar på eit ark med overskriftene "Kva har eg gjort?" og "Kva har eg lært?", og fyll inn. Vurder kva du kan, og kva du må jobbe meir med for å auke kompetansen din.
Relatert innhald
Kunnskapane til fagarbeidaren om kor viktig god handhygiene er, er avgjerande for helsa og velværet til brukaren.
Smittekjeda gir ei forklaring på korleis smitte spreier seg.