Flekkdesinfeksjon

Situasjonsbeskriving
Du observerer at ein eldre mann plutseleg blir bleik i ansiktet og kastar opp på golvet. Omgangssjuke, som òg er kjend som akutt magetarminfeksjon eller gastroenteritt, er svært smittsamt. God hygiene er avgjerande for å forhindre vidare smittespreiing.
Du vel sjølv om hendinga skjer på eit tannlegekontor, legekontor, apotek eller mens ein portør transporterer ein pasient i seng på sjukehuset.
Oppgåver
Definer flekkdesinfeksjon, og forklar kvifor vi gjennomfører dette i helsevesenet.
Gjer greie for korleis du vil handtere situasjonen. Ta utgangspunkt i smittekjeda.
Utarbeid ein steg-for-steg-prosedyre for å gjennomføre flekkdesinfeksjon på den arbeidsstaden du har valt.
Bruk ein praterobot til å forbetre arbeidsprosedyren du har utarbeidd.
Logg inn på ein praterobot som skulen din har godkjent (under finn du instruksjon for å logge på NDLAs praterobot).
Kopier og lim inn arbeidsprosedyren din.
Be prateroboten om forbetringsforslag.
Samanlikn arbeidsprosedyren din med forslaget frå prateroboten, og vurder om du har fått relevante forbetringsforslag som kan bidra til betre struktur og oversikt.
Lag ein plakat som viser prosedyre for flekkdesinfeksjon.
Relatert innhald
Smittekjeda er ei skildring av korleis smitte blir overført. Å hindre smitte vil seie å bryte smittekjeda.
Nettside hos kvalitet.helse-bergen.no