Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Universell utforming i nærmiljøet

Korleis står det til med universell utforming og tilrettelegging av det fysiske miljøet på stadene der du vanlegvis ferdast? I denne oppgåva skal du undersøke og dokumentere korleis krava om universell utforming er oppfylte, og foreslå forbetringstiltak dersom det er påkravd.

Oppgåver

  1. Les om universell utforming på nettsida til Bufdir. Skriv ned dei sju prinsippa for universell utforming, og diskuter i grupper kva dette inneber i praksis.
  2. Undersøk korleis desse prinsippa er varetekne i nærområdet dykkar. Dokument med bilete eller film den universelle utforminga på ein eller fleire av desse stadene:

    • på skulen
    • i sentrum
    • på eit kjøpesenter
    • i eit friluftsområde
    • på praksisstaden din
  3. Kva fungerer bra når det gjeld universell utforming her?
  4. Kva forhold bør bli forbetra for at området skal vere tilgjengeleg for alle?

Relatert innhald

Kva er universell utforming?

Universell utforming er ein måte å planlegge og bygge opp samfunnet på slik at menneske med nedsett funksjonsevne blir ein del av samfunnet (integrert).

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 01.09.2025