Fagstoff
Video
Universell og estetisk utforming
Korleis vi har det rundt oss, påverkar korleis vi har det. I denne animasjonsfilmen (lengde 4:49) kan du sjå korleis trivelege og innbydande lokale som er tilrettelagde for alle, aukar velværet for kundar og pasientar.
Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0
Utfordringar til deg
Kvifor er det viktig at helsetenestene er universelt utforma?
Kva trur du den estetiske utforminga, altså korleis lokalet er innreidd og dekorert, har å seie for velværet til kundar og pasientar?
Kan du gi døme på korleis estetisk utforming kan bidra til at pasientar og kundar kjenner seg meir inkluderte og verdsette?
Korleis kan manglande universell utforming og dårleg estetisk utforming påverke opplevinga av helse og velvære?
Kva kan vere utfordrande når ein skal balansere universell utforming og estetisk utforming?
Finn døme på korleis du som fagarbeidar kan påverke velværet til kundar og pasientar.