Hopp til innhald
Fagartikkel

Tidleg oppdaging av forverra tilstand

Fleire av pasientane er sjukare enn før, talet på eldre aukar, og mange har samansette lidingar. Dette gir auka krav til kompetanse og ferdigheiter hos helsefagarbeidaren. Verktøyet NEWS2 hjelper helsepersonell til å identifisere og setje i verk rask respons når ulike somatiske forverringar oppstår.

Unødige dødsfall

Ein tredel av unødige dødsfall er knytt til følgande årsaker, og ofte i kombinasjon:

  • manglande eller for sein oppdaging av forverra somatisk tilstand

  • mangelfull observasjon av pasienten

  • svikt eller misforståingar i kommunikasjon mellom helsepersonell

Det nasjonale pasienttryggingsprogrammet I trygge hender 24-7 skal bidra til å redusere pasientskadar i Noreg. Opplæring i og bruk av verktøyet NEWS2 (National Early Warning Score 2) på sjukehus og i kommunal helseteneste er eit av tiltaka.

Observasjonskompetanse

Ved akutt forverring er det nødvendig med ei rask og systematisk undersøking av pasienten for å avdekke livstruande tilstandar og svikt i vitale funksjonar. ABCDE-prinsippa har lenge vore eit verktøy når sjukdomsbiletet brått forandrar seg, eller for raskt å få oversikt ved ulykker der førstehjelp og kontakt med AMK er nødvendig. Dersom vi finn utilfredsstillande forhold under eitt av punkta, til dømes ufrie luftvegar under A, må dette korrigerast før vi går vidare til B.

Pasientundersøking med ABCDE-metoden

Ved bruk av ABCDE-metoden blir dei vitale funksjonane sjekka. Verdiane henta frå pasientundersøkinga dannar grunnlaget for korleis pasienten skårar på NEWS2-skalaen.

Bokstav A: Airway

Her handlar det om å sikre frie luftvegar. Ein person som snakkar normalt, har frie luftvegar. Viss personen ikkje har frie luftvegar, må eventuelle hindringar fjernast før vedkommande blir lagd i sideleie, under jamleg overvaking.

Bokstav B: Breathing

Sjå om brystkassa bevegar seg. Kjenner du pust mot kinnet ditt? Er leppene blålege? Kjem det surkle- eller snorkelydar når pasienten pustar? Dette er berre nokre av spørsmåla du ønsker svar på for å danne deg oversikt over respirasjonen. Er pasienten innlagd i sjukehus eller annan institusjon er det rutine å måle oksygenmetting med pulsoksymeter.

Bokstav C: Circulation

Ein vaken og orientert pasient har god blodtilførsel til hjernen. Nedsett medvit, uro eller auka respirasjonsfrekvens kan tyde på sviktande sirkulasjon. Det same gjeld klam, kald og bleik hud.

Bokstav D: Disability

Korleis er medvitsnivået til pasienten? Talerespons, motorisk respons og smertestimulering vil fortelje ein del om pasienten er mentalt til stades og tilgjengeleg for samarbeid med helsepersonell.

Bokstav E: Exposure

Undersøk hud og kropp raskt viss det er mogleg, for å sjå etter traumemerke, ledd i feilstillingar eller andre teikn på skadar. Vern pasienten mot varmetap.

NEWS2 (National Early Warning Score 2)

NEWS2 er eit internasjonalt systematisk verktøy for å fange opp forverring i somatisk tilstand tidleg og raskt setje i verk tiltak. NEWS2 er eit godt hjelpemiddel for å oppdage akutt sjukdom som lungebetennelsar eller andre infeksjonssjukdommar slik at behandling kan setjast i verk raskt for å unngå ytterlegare forverring.

NEWS2 baserer seg på objektive målingar som gjer det enklare å ta avgjerder med tanke på behandling, men skårane må alltid vurderast opp mot den normale helsetilstanden til pasienten. Ved å sjekke ABCDE-verdiane imot NEWS2-skalaen ser du raskt om det er behov for å setje i verk tiltak. Det kan innebere flytting av pasienten til eit høgare behandlingsnivå, til dømes innlegging i sjukehus, eller frå ein vanleg sengepost i sjukehuset til ei overvakingsavdeling.

Døme

Situasjonsskildring

Du gjennomfører pasientundersøking på Johan, 85 år, som bur på sjukeheimen der du er i praksis. Du finn at respirasjonsfrekvensen er 22, oksygenmettinga er 93 prosent, det systoliske blodtrykket er 105, pulsfrekvensen er 100, og temperaturen er 38,5.

Bruk av NEWS2

Ved bruk av NEWS2 kan du finne ut og dokumentere om det er behov for nye tiltak. I illustrasjonen under kan du sjå kva skårane er for dei ulike kategoriane:

Tenk over

Ved å summere verdiane frå pasientundersøkinga av Johan i dømet over får du ein NEWS2-skår på 7. Kva tiltak vil du då setje i verk? Grunngi svaret ditt.

Tiltak etter vurdering

Ein skår på 7 i NEWS2-skjemaet seier lite i seg sjølv. Talet må vurderast opp mot kva ein slik samla observasjon fører til av moglege tiltak, og korleis den normale helsetilstanden til pasienten er. Til dette er det utarbeidd eit eige skjema som du ser nedanfor.

Illustrasjonen viser at ved ein NEWS2-skår på 7 blir tilrådd "kontinuerleg overvaking av vitale funksjonar". Med andre ord har tilstanden til Johan forverra seg frå den normale helsetilstanden hans, og legen må avgjere om nye tiltak skal setjast i verk for å hindre ytterlegare forverring.

Helsefagarbeidarar får fleire oppgåver

Spesialist- og kommunehelsetenestene ser i aukande grad til helsefagarbeidarane som ein del av løysinga på utfordringa med mangel på helsepersonell. Ikkje minst har denne erkjenninga oppstått under covid-19-pandemien, men òg for å møte den såkalla eldrebølga.

Stadig fleire sjukehus og kommunar ser oppgåvegliding som ein viktig del av effektiviseringa. Det inneber at sjukepleiarar overtek enkelte av oppgåvene til legane, mens helsefagarbeidarar utfører fleire sjukepleietiltak. Dette krev kompetanseheving blant helsefagarbeidarane. Auka kompetanse rundt observasjon og rask respons er eit av fleire viktig steg for at du som helsefagarbeidar skal kunne utføre oppgåver som tidlegare har vore reserverte for helsepersonell med høgare utdanning.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar har høg kompetanse om bruk av observasjonsverktøy?

  2. ABCDE-metoden inneber at du skal korrigere svikt på eit nivå før du går vidare til neste bokstav. Kvifor er det viktig?

  3. Korleis kan verktøyet NEWS2 sikre fagleg forsvarlegheit, betre rapportering og auka pasienttryggleik?

Kjelder

Helsedirektoratet. (2020, 30. april). Tidlig oppdagelse og rask respons ved forverret somatisk tilstand. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/tidlig-oppdagelse-og-rask-respons-ved-forverret-somatisk-tilstand

Helsedirektoratet. (u.å.). Tidlig oppdagelse og rask respons av forverret somatisk tilstand. I trygge hender. Henta 12. februar 2022 frå https://www.itryggehender24-7.no/reduser-pasientskader/tidlig-oppdagelse-av-forverret-tilstand

Relatert innhald

Skrive av Odd Ragnar Myhr og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2023