Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Hjelpemiddelsentralen

Nav Hjelpemiddelsentral har overordna ansvar i sitt fylke for hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne. I denne filmen (lengde 5:50) fortel ein teknikar på hjelpemiddelsentralen om ulike hjelpemiddel, og du møter ein brukar som fortel om kor viktig hjelpemiddel er i kvardagen hans.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan hjelpemiddel bidra til meistring og auka livskvalitet?

  2. På kva måtar bidreg hjelpemiddelsentralen til berekraft i helse- og omsorgstenesta?

  3. Korleis kan hjelpemiddel forbetre og effektivisere arbeidsoppgåvene dine som fagarbeidar? Diskuter i klassen.

Relatert innhald

Hjelpemiddel

Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.

Skrive av Vigdis Haugan.
Sist oppdatert 24.11.2025