Bli kjend med opplæringslova

Lover og reglar
Alle samfunn treng lover som seier noko om kva rettar og plikter vi har. Lovene er til for å sikre at alle menneske skal ha det godt i livet sitt. Opplæringslova gjeld for alle barn og unge som høyrer til ein skule, SFO eller opplæringsbedrift.
Som profesjonell barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO må du kjenne til og forstå opplæringslova. Du skal vite kva lova seier, og du skal vite korleis du raskt kan innhente opplysningar om lover og forskrifter.
Oppgåve
I denne oppgåva blir du kjend med noko av innhaldet i opplæringslova. For å kunne svare på spørsmåla bør du lese fagartikkelen om opplæringslova og gjere deg kjend med opplæringslova hos Lovdata.
- Kor mange kapittel består opplæringslova av?
- Kven gjeld opplæringslova for?
Les kapittel 1 i lova. Skriv punkt om kva formålet med opplæringa er.
Kor lenge har elevar rett og plikt til opplæring?
Kva betydning har opplæringa for barn av samisk opphav i og utanfor samiske distrikt?
I kva paragraf finn du noko om skulefritidsordning, og kva står det der?
Kva betyr det at elevar og lærlingar skal ha rett til å medverke og plikt til å delta?
I kva samanhengar kan du tenke deg at det er utfordrande å få til eit samarbeid med heimen?
Korleis kan du, med støtte i opplæringslova, forklare for eit barn at det er viktig å følge reglane i skulen?
Ein elev på SFO ønsker å at det skal vere fleire aktivitetar der. Kva paragrafar i opplæringslova er relevante for dette? Korleis må du som fagarbeidar forhalde deg til ønsket til eleven?
Kapittel 11 handlar om tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging. Som barne- og ungdomsarbeidar har du ikkje ansvar for sjølve opplæringa, men du vil likevel få ansvar for å støtte og vere saman med barn som har behov for ekstra hjelp. I nokre tilfelle kan du òg få oppgåver knytte til opplæringa, det skal vere i samarbeid med læraren, jf. § 17-6.
Kva vil det seie å hjelpe til?
Kva er viktig for deg å vere klar over når lova seier: "Elevar har rett til den personlege assistansen dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho"?
Kva må du gjere viss du observerer at eit barn ikkje har det bra og blir mobba av andre? Kvar står det om dette i opplæringslova?
- Kva betyr nulltoleranse?
Kva betyr aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt?
Kapittel 17, § 17-11, handlar om politiattest. Forklar kva betydning det har for tilsetjingar i skular.
Sjå § 24-3. Når har du plikt til å melde frå til barnevernet?
Lag ei punktliste med oversikt over kva paragrafar i opplæringslova som er relevante for fagarbeidarar som skal jobbe i skulen og SFO.