Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Opplæringslova

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) er regelverket du må forhalde deg til når du jobbar i skulen og SFO. Opplæringslova handlar om kva rettar og pliktar som er knytte til opplæring og skulegang i Noreg.

Opplæringslova

Alle offentlege og private skular i Noreg blir regulerte av lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (9. juni 2023). Vi kallar ho opplæringslova. Opplæringslova har ulike forskrifter som utfyller reglane i lova.

I grunnskulen og den vidaregåande skulen skal opplæringa vere i tråd med læreplanverket Kunnskapsløftet 2020. Læreplanverket omfattar ein overordna del med verdiar og prinsipp for opplæringa. Denne delen må barne- og ungdomsarbeidarar som jobbar i skulen, følge. I tillegg inneheld læreplanverket reglar for fag- og timefordeling og kvar enkelt læreplan for faga, som lærarane legg til grunn i undervisninga.

Barn og unge har plikt og rett til grunnskuleopplæring. Det betyr at dei ikkje kan velje vekk grunnskulen. Dersom eit barn skal bu meir enn tre månader i Noreg, har barnet rett til opplæring frå første til tiande trinn. Lova seier at ungdom som har fullført grunnskulen, har rett til, etter søknad, tre års heiltids vidaregåande opplæring.

Ifølge opplæringslova har barn som ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av ordinær undervisning, rett til tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging, og samiske barn har rett til opplæring i og på samisk.

Grunnskular kan vere eigde anten av kommunen eller av private. Private grunnskular må ha godkjenning av departementet.

Viktige kapittel i opplæringslova

For deg som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du kjenner til dei følgande kapitla og paragrafane i opplæringslova:

Formålet med opplæringa

I § 1-3 står det kva som er formålet med opplæringa. Denne er sentral i skulen, og han blir ofte kalla formålsparagrafen. Her står det at opplæringa skal

  • gi elevar og lærlingar historisk og kulturell innsikt og forankring, i samarbeid og forståing med heimen
  • bygge på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet
  • bygge på verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn, og som er forankra i menneskerettar
  • gi forståing for nasjonal kulturarv og felles internasjonal kulturtradisjon
  • gi innsikt i kulturelt mangfald og respekt for trua til kvar enkelt
  • fremme demokrati, likestilling og vitskapeleg tenkemåte

Elevar og lærlingar skal utvikle kunnskap, ferdigheiter og haldningar til å meistre livet sitt. Dei skal òg lære å tenke kritisk og handle etisk og miljømedvitent. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.

Til slutt i formålsparagrafen står det at skulen og lærebedrifter skal møte elevar og lærlingar med tillit, respekt og krav. Dei skal få utfordringar som fremmar danning og lærelyst, og alle former for diskriminering skal motarbeidast.

Rett til å medverke og plikt til å delta

Opplæringslova kapittel 10 handlar om at skulen alltid skal ta omsyn til kva som er best for elevane når det blir teke avgjerder som gjeld dei. Elevane har rett til å seie si meining og bli høyrde i saker som gjeld dei, og meiningane deira skal bli lagde vekt på ut frå alderen og modnaden til elevane.

Elevane har plikt til å vere aktivt med i opplæringa og følge reglane i skulen. Det betyr at elevane skal møte opp, delta i timane og bidra til eit godt læringsmiljø.

Skulemiljøet

Kapittel 12 handlar om skulemiljøet til elevane. Dette gjeld både skulen, skulefritidsordninga og leksehjelpeordninga. I § 12-2 blir det presisert at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremmar helse, inkludering, trivsel og læring. Skulen skal ikkje godta krenkande åtferd, som mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Det skal heile tida blir arbeidd målretta for at alle elevane har eit trygt og inkluderande skulemiljø.

For å sikre elevane denne retten har skulen ei aktivitetsplikt. Formålet med aktivitetsplikta er å sikre at skulane handlar raskt og rett når ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen.

Alle som arbeider på skulen, har plikt til å følge med, gripe inn og melde frå til rektor viss dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø.

Skulefritidsordning

For skulefritidsordninga gjeld § 4-5. Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for elevar frå første til fjerde årstrinn og for barn med særskilde behov frå første til sjuande årstrinn.

Lova seier at skulefritidsordninga skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Barn med nedsett funksjonsevne skal få gode utviklingsvilkår. Areal både ute og inne skal vere eigna for formålet.

Når skulefritidsordninga er knytt til skular, skal rektor til vanleg vere leiar. Kommunen følger opp private skulefritidsordningar. Vidare pliktar kommunen å gi elevar i grunnskulen leksehjelp. Tilbodet skal vere gratis, og eleven har rett til å delta på leksehjelp. Det betyr at leksehjelp er frivillig.

Fysiske inngrep

I opplæringslova § 13-4 står det at tilsette i skulen, skulefritidsordninga og leksehjelp kan, når andre tiltak ikkje er tilstrekkeleg, gripe fysisk inn mot elevar. Dette kan vere aktuelt dersom ein elev

  • krenker andre fysisk eller psykisk

  • utset seg sjølv for fare

  • øydelegg ting

  • oppfører seg på ein måte som er veldig nedverdigande for seg sjølv

  • forstyrrar opplæringa for andre på ein alvorleg måte

Den vaksne skal berre gripe inn så mykje som trengst for å stoppe situasjonen, og måten vi gjer det på, skal vere forsvarleg og stå i forhold til det som skjer.

Etter at ein tilsett har gripe inn fysisk mot ein elev, må hen melde frå om dette til rektor.

Vanleg kontakt mellom vaksne og barn, som å halde i handa, trøyste eller hjelpe, blir ikkje rekna som fysisk innblanding.

Politiattest, teieplikt og opplysningsplikt

Opplæringslova gir reglar for alle som skal tilsetjast i fast eller mellombels stilling i grunnskulen, vidaregåande skule, skulefritidsordninga, kulturskulen eller for å gi leksehjelp. Alle må legge fram politiattest. Attesten må leggast fram før ein begynner i jobb, og han kan ikkje vere eldre enn tre månader. Personar som er dømde eller har vedteke førelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, skal ikkje bli tilsette.

Opplæringslova viser til reglane i forvaltningslova om teieplikt (§ 13). Hovudregelen er at dei tilsette i skulen har plikt til å hindre at andre får kjennskap til det den tilsette får vite om dei personlege forholda til eleven.

Dei tilsette har i visse tilfelle plikt til å melde frå til barnevernet utan hinder av teieplikta. I opplæringslova § 24-2 og 24-3, opplysningsplikt til barnevernet og sosialtenesta, står det at dersom det er grunn til å tru at barn blir eller vil bli mishandla eller utsette for alvorleg omsorgssvikt, viser alvorlege åtferdsvanskar i form av alvorleg eller gjenteken kriminalitet, rusmisbruk eller ikkje får livsviktige undersøkingar eller behandling, så stansar teieplikta. Då pliktar dei tilsette å melde frå til barnevernet eller sosialtenesta.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det nødvendig at du som barne- og ungdomsarbeidar kjenner til opplæringslova når du skal jobbe med barn i skule og SFO?
  2. Kvifor er det viktig at du kjenner til rettane barn har etter opplæringslova når du jobbar i SFO?

  3. Kvifor trur du det har blitt utforma ei lov om å gripe inn fysisk for å hindre skade?

Kjelder

Opplæringslova. (2023). Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (LOV-2023-06-09-30). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2023-06-09-30

Utdanningsdirektoratet. (2024, 1. august). Opplæringsloven https://www.udir.no/regelverkstolkninger/opplaring/lov-om-grunnskoleopplaringa-og-den-vidaregaande-opplaringa-opplaringslova/

Utdanningsdirektoratet (2025, 1. august). Ansattes mulighet til å gripe inn fysisk mot elever. https://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/skole-og-opplaring/gripe-inn-fysisk-mot-elever-for-a-avverge-skade/

Relatert innhald

Skrive av Riborg Anna Ringereide og Siv Stai.
Sist oppdatert 13.10.2025