Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Bruk praterobot og lag ei medieundersøking

Bruk ein praterobot til å hjelpe deg med å forme ei konkret, presis og spissa problemstilling og relevante spørsmål til ei kvantitativ undersøking om medievanar blant unge.

Klassen din har fått i oppdrag å lage ei kvantitativ spørjeundersøking om mediebruk og medievanar. De må ha klart for dykk kva de ønsker å finne ut noko om, og kva spørsmål som gir dykk tilgang til den informasjonen de ønsker.

No skal de øve dykk på å lage gode problemstillingar og finne relevante spørsmål.

Forarbeid

Les aktuelle fagartiklar

Lær korleis du bruker ein praterobot i læringsarbeid

Praterobotar (KI) kan hjelpe og støtte deg i læringsarbeid, òg når du jobbar med medieundersøkingar.

Her er nokre artiklar om korleis du bruker praterobotar:

NDLA sine praterobotar

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Det er trygt å bruke NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. Han tek vare på personvernet ditt. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA.

Lag medieundersøkinga

Jobb saman to og to.

  1. Be prateroboten lage ei oversikt over kva bruksområde kvantitative spørjeundersøkingar har.

  2. Be deretter prateroboten om å komme med forslag til fem ulike problemstillingar som kan danne utgangspunktet for ei spørjeundersøking om mediebruk og medievanar blant unge i alderen 13–19 år.

  3. Vel det forslaget de meiner eignar seg best for den medieundersøkinga klassen skal gjennomføre. Formuler problemstillinga i éi setning med eigne ord.

  4. Test problemstillinga. Det kan de gjere ved å be andre i klassen gi ei tilbakemelding på den formuleringa de har valt. Er ho tilstrekkeleg klar og eintydig? Er ho sentral og relevant ut frå det de veit om mediebruk og medievanar?

  5. Få hjelp av prateroboten til å forme åtte spørsmål som kastar lys over den problemstillinga de har komme fram til. Vel spørsmål som kan svarast på ved at dei som blir spurde, kan krysse av for eit eller fleire faste svaralternativ (lukka spørsmål).

  6. Presenter forslaget til spørjeundersøkinga for resten av klassen og be om tilbakemelding frå medelevar og læraren.

Skrive av Ragna Marie Tørdal og Thor-Inge Hoddevik.
Sist oppdatert 28.10.2024