Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Berre lov til å bruke KI

Det er beskjeden elevar og lærarar får på Tangen videregående skole når dei går inn det årlege samarbeidsprosjektet med næringslivet. Les om tanken bak og bli inspirert til å utforske moglegheiter og fallgruver når det gjeld KI-bruk i klasserommet.

Snudd på hovudet

Beskjeden "Det berre er lov å bruke KI" i eit skuleprosjekt går litt mot straumen. Det er vanlegare å åtvare elevar mot å bruke KI. På Tangen videregående skole vel dei å snu det heile opp ned.

KI-prosjektet ved Tangen vgs.

KI-prosjektet ved Tangen videregående skole er eit samarbeidsprosjekt med næringslivet. Alle elevane og nokre lærarar frå IM-linja skal lage musikkvideo, kortfilm eller reklamefilm. Elevar og lærarar konkurrerer mot kvarandre om å finne gode teknologiske løysingar på ei problemstilling. Det er mykje motivasjon og mykje frustrasjon når det berre er éin måte å jukse på: å skrive sjølv.

"Dette prosjektet minner oss på kor bra mennesket eigentleg er", seier Victor S. Husefest, elev ved Tangen videregående skole.

Sjå filmen om KI-prosjektet

I filmen under (lengde 3:40) møte vi elevar frå Tangen videregående skole og lokale næringslivsaktørar.

Video: Tom Knudsen / CC BY-ND 4.0

Døme på prosjektbeskriving og omtalar av KI-prosjektet

Inspirert? Prøv sjølv!

Snu di eiga undervisning på hovudet og få elevar til utforske KI med regelen "Ikkje lov til å lage noko sjølv, alt skal gjerast av KI". Kor langt klarer dei å komme i arbeidet med ei oppgåve, ei problemstilling eller eit kompetansemål i faga dine gjennom å følge regelen?

  • Kva tema kan vere eigna i faga dine?

  • Kva kompetansemål i faget får du lyst til å prøve deg på med ei slik tilnærming?

  • Kva moglegheiter har du i nærmiljøet? Finst det bedrifter som ønsker å teste KI til å løyse spesifikke oppgåver?

  • Kva fordelar og ulemper kan KI ha med tanke på tidsbruk?

Relatert innhald

Skrive av Albertine Aaberge og Marthe Moe.
Sist oppdatert 07.05.2026