Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Erfaringsdeling frå lærar

Lærar Jan Eirik "JP" Paulsen på Glemmen videregående skole har utforska KI i klasserommet på oppdrag frå NDLA.

Bruk av KI-verktøy i klasserommet

Korleis kan KI brukast på ein formålstenleg måte i klasserommet? NDLA har utfordra Jan-Eirik "JP" Paulsen frå Glemmen vgs. til å dele nokre av erfaringane han har gjort seg med bruk av KI-verktøy i klasserommet. Han har testa ut ei rekke undervisningsopplegg og samla didaktiske erfaringar frå tre ulike måtar å bruke KI på:

  1. KI som elevstøtte

  2. KI som kreativitets- og motivasjonsfremjande ressurs

  3. KI brukt i vurderingsarbeid

1. KI som elevstøtte

Paulsen og elevane hans har mellom anna prøvd ut bruk av praterobot til

  • sparring

  • idémyldring

  • fagsamtale

  • språkinnlæring

  • generering av dømetekst

  • generering av disposisjon med stikkord

  • innhenting av informasjon

  • oppsummering av ein lengre tekst

  • forenkling av ein krevjande tekst

  • omsetjing av tekst

  • "djup samtale" ("podkast") om tekst eller tema

  • forbetring av tekst

I det nedlastbare dokumentet under er framgangsmåten for dei ulike aktivitetane beskriven. Det er òg teke med ei øving per aktivitet, ofte med ein foreslått instruks (prompt). Øvingane kan gjennomførast etter kvarandre som eit kurs i formålstenleg bruk av kunstig intelligens.

Last ned fil

2. KI som kreativitets- og motivasjonsfremjande ressurs

Aktuelle aktivitetar av denne typen er til dømes

  • intervju med KI-generert fagekspert, historisk person e.l.

  • debatt med KI-generert fagekspert, politikar e.l.

  • generering av illustrasjonar til tekst

  • generering av illustrasjonar til fagsamtale (tre variasjonar)

  • generering av "djup samtale" ("podkast")

  • generering av video

  • generering av spørsmål til quiz

  • generering av adjektivforteljing

  • generering av undervisningsopplegg

I det nedlastbare dokumentet under er aktivitetane nærare beskrivne.

Last ned fil

3. KI i vurderingsarbeidet

Forslag til korleis vi no kan vurdere elevane, til dømes ved

  • kreative oppgåver som elevane delvis skal løyse ved å bruke KI

  • prosessorienterte skriftlege arbeid, som

    • innleveringar etterfølgde av fagsamtale

    • innleveringar med tema knytt til praksisen og erfaringane til elevane

    • innleveringar der elevane skal grunngi val av kjelder

    • innleveringar der elevane skal drøfte svar gitt i intervju

  • kontrollerte skriveøkter med avgrensa nett-tilgang eller synlege skjermar

  • munnlege framlegg eller fagsamtalar utan manus

Last ned fil

Skrive av JP (Jan Eirik Paulsen).
Sist oppdatert 23.01.2025