Übungen: Frühstück ist fertig!
1. Gloser
Pugg glosene til teksten "Frühstück? Nein, danke!".
Før du startar på oppgåva: Sjå godt på dei tyske glosene, og merk deg kjønnet på substantiva (der/die/das).
Sjekk at du forstår glosene: Flytt dei norske orda på rett plass.
Vel "Fyll inn" og "Byt språk". Skriv glosene på tysk, og bruk tipsa om du treng det.
Bli ein glosemeister! Gjer oppgåva utan å bruke tipsa!
2. Spørsmål til teksten
Svar på norsk.
Kor mange unge mellom 14 og 17 droppar den daglege frukosten?
Kva slags argument bør foreldre bruke dersom dei vil overtyde dei unge om at dei bør ete frukost?
Kva gruppe ungdommar droppar frukosten for å spare kaloriar?
Kva gruppe et heller mindre godteri for å spare kaloriar?
Kvifor er det ikkje lurt å droppe frukosten for å halde seg slank?
Kva tidsskrift er opplysningane i teksten henta frå, og kva ekspert uttaler seg?
3. Set om til tysk

Eg drikk gjerne kaffi til frukost.
Eg liker best mjølk.
Eg et helst brød med brunost.
Mysli liker eg ikkje så godt.
Kva føretrekker du: honning eller syltetøy?
Syltetøy. Eg elskar jordbærsyltetøy!
4. To intervju
Christian og Hanna blir spurde om favorittfrukosten sin. Lytt til intervjua, og noter kva dei svarer.
Was ist dein Lieblingsfrühstück? Kva er favorittfrukosten din?
Was isst du gern zwischendurch? Kva liker du å ete som mellommåltid? (mellom frukost og lunsj)
Kva svarer Christian og Hanna?

Kva drikk Christian til frukost?
Kva føretrekker han å ete?
Kva et han som mellommåltid?
Kva et Hanna helst til frukost?
Kva drikk ho til frukost?
Kva liker ho å ete som mellommåltid?
Kva ord manglar?
Obs! Nokre ord kan vere til overs.
5. Tekst: Frukostvanane mine
Skriv ein kort tekst på åtte til ti setningar. Fortel om deg sjølv og frukostvanane dine. Ta med:
kven du er, kor gammal du er og kva du gjer til dagleg
kva du du et og drikk til frukost på vanlege vekedagar
kva du et til frukost laurdagar og søndagar
kva du liker, og kva du ikkje liker så godt
Gi teksten tittelen "Meine Frühstücksgewohnheiten".
6. Frukost på tysk
Lag små lappar med ord på ting som trengst til ein tysk frukost. Alle trekker ein lapp og tek med seg det som står på lappen til neste tysktime. Det er dagens lekse.
Et frukost saman rundt fleire småbord. Snakk berre tysk under frukosten. Du skal

seie kva du liker å ete, og spørje andre kva dei liker
be nokon om å sende noko over bordet
snakke om kva fag du har i dag, og spørje andre kva fag dei har
fortelje korleis du har det, og spørje andre korleis dei har det
kommentere korleis maten smaker
7. Speeddating
Snakk om frukostpreferansar: Kva liker de, kva liker de ikkje?
Arranger samtalane i speeddatingformat, eller som intervju. Hald samtalen gåande i ca. 1 minutt før de byter samtalepartnar.
Skriv ord og uttrykk på tavla. Etter nokre rundar blir tavla viska av, og de gjennomfører samtalane utan hjelpemiddel!
8. Bak tyske Brezeln!

Gå gjennom oppskrifta på Brezeln, eller finn ei oppskrift på tyske rundstykke.
Bak saman på skulen, eller bak sjølv heime.
Ta med bakevarene til frukosttimen så alle kan få smake (sjå oppgåve 7).
Det finst mange enkle (tyske) instruksjonsvideoar på YouTube.