Grammatikk: Gradbøying
Adjektiv
Adjektiv er ord som beskriv ein eigenskap ved nokon eller noko. Dei fleste adjektiva kan gradbøyast. Vi skil mellom tre gradar: positiv, komparativ og superlativ.
Positiv er grunnforma: god, gammal, flittig, suksessfull
Komparativ uttrykker ein sterkare grad: betre, eldre, flittigare, meir suksessfull
Superlativ uttrykker den sterkaste graden: best, eldst, flittigast, mest suksessfull
Komparativ av tyske adjektiv
Også tyske adjektiv har gradbøying.
Dei fleste tyske adjektiva dannar komparativ ved hjelp av endinga -er.
Nokre adjektiv får i tillegg vokalskifte i komparativ, til dømes alt.
Nokre adjektiv har heilt uregelmessig komparativ, til dømes gut.
positiv (grunnform) | komparativ (høgare grad) |
|---|---|
| alt | älter |
| kul | cooler |
| erfolgreich | erfolgreicher |
| faul | fauler |
| fleißig | fleißiger |
| früh | früher |
| groß | größer |
| gut | besser |
| jung | jünger |
| lang | länger |
| lecker | leckerer |
| sauer | saurer |
| schlecht | schlechter |
| schnell | schneller |
| selten | seltener |
| spät | später |
| süß | süßer |
Finn ut!
Omsett adjektiva i tabellen over til norsk.
Korleis blir norske adjektiv gradbøygde?
Kan norske adjektiv ha vokalskifte?
Kan norske adjektiv ha heilt uregelmessig gradbøying?
Øving 1
Øv på komparativformene!
Adverb som kan gradbøyast
Det finst òg nokre adverb som kan gradbøyast. I tabellen under finn du nokre døme.
positiv (grunnform) | komparativ (høgare grad) | norsk |
|---|---|---|
| viel | mehr | mykje – meir |
| wenig | weniger | lite – mindre |
| oft | öfter | ofte – oftare |
| gern | lieber | gjerne – heller |
Øving 2
Skryt i veg!
Jobb i par. A les opp setninga på framsida og omset ho. B seier på tysk at hen er endå flinkare, kulare osv. Døme:
Lenas Hamster ist süß. Hamsteren til Lena er søt.
Mein Hamster ist aber noch süßer! Men min hamster er endå søtare!
Det er mein og noch som skal ha trykk i setninga.
Samanlikningar
Når vi samanliknar eigenskapar ved ein person eller ting, er resultatet vanlegvis eitt av to: likskap eller ulikskap. Slik samanliknar vi på tysk:
Tom ist so groß wie ich. Tom er så høg som eg/meg.
Tom ist gleich groß wie ich. Tom er like høg som eg/meg.
Tom ist größer als ich. Tom er høgare enn eg/meg.
Om vi vil understreke likskapen eller ulikskapen, kan vi seie:
Tom ist genauso groß wie ich. Tom er nøyaktig like høg som eg/meg.
Tom ist viel größer als ich. Tom er mykje høgare enn enn eg/meg.
Øving 3
Rett rekkefølge i setningar. Du kan gjere øvinga skriftleg eller munnleg. Eller begge delar!
Øving 4
Samanlikningar
Finn ein samtalepartnar, spør kvarandre om alder og samanlikn. Finn deretter ein annan partnar og spør kvarandre på nytt. Byt fem–seks gonger. (Det er lov å juge litt på alderen! Då får de samtidig øvd på tala.)
Hallo! Wie alt bist du?
Ich bin fünfzehn / sechzehn / siebzehn / achtzehn.
O, da bist du jünger als ich. Ich bin 18.
O, da bist du älter als ich. Ich bin 16.
O, da bin ich so alt wie du. Ich bin auch 15 / 16 / 17 / 18.
Øving 5
Sett om til tysk. Tipsa kan hjelpe deg!

