Grammatikk: Dativ
Kva er dativ?
Språk med kasus bruker endingar eller ulike ordformer for å vise om eit setningsledd er subjekt, direkte objekt eller indirekte objekt.
Du har allereie lært om nominativ, som er forma til subjektet, og akkusativ, som er forma til det direkte objektet. Subjektet er den som utfører handlinga, det direkte objektet er den tingen eller personen som subjektet gjer noko med (eller mot).
No skal det handle om dativ, som er forma til det indirekte objektet. Men kva er jobben til det indirekte objektet i ei setning? Vi ser på to døme.

Gibst du mir bitte das Brot?
Reichst du mir bitte die Butter?
I begge setningane er det nokon som blir beden om å gi noko til ein annan person.
Subjektet (du) er den som gir.
Det direkte objektet (das Brot, die Butter) er det som blir gitt.
Og det indirekte objektet (mir) er den som får brødet og smøret.
Det indirekte objektet i ei setning er altså den som får noko, den som er mottakar. Og i tysk bruker vi dativ for å vise kven som er mottakar.
Dativ etter nokre verb
Ein del verb tek heilt enkelt berre objekt i dativ. Du har allereie lært nokre av dei:
Schmeckt dir das Essen? Liker du maten?
Wie geht es dir? Korleis står det til?
Das tut mir leid. Det var synd/trist! Beklagar!
Også her er dativobjektet ein person.
Dativ etter preposisjon
Det finst preposisjonar som tek dativ, til dømes mit:
Sophia kommt mit uns in die Kantine. Sophia blir med oss i kantina.
Der Kellner kommt mit dem Kaffee. Kelneren kjem med kaffien.
Øving 1
Kven gir (subjekt)? Kven får (indirekte objekt)? Og kva blir gitt (direkte objekt)? Analyser setningane.
Kan du gi meg boka?
Ho sender han smøret.
Die Kellnerin bringt uns Kaffee.
Wir geben ihr ein Trinkgeld.
Øving 2
Du har tidlegare lært dei personlege pronomena i nominativ og i akkusativ. Hugsar du dei?
Obs! I enkelte oppgåver vil det bli nokre ord til overs.
Personlege pronomen i dativ
No lærer du dativformene av dei personlege pronomena. Studer tabellen under nøye. To personlege pronomen har like former i akkusativ og dativ. Kva for nokre?
nominativ | akkusativ | dativ | |
|---|---|---|---|
1. person eintal | ich | mich | mir |
2. person eintal | du | dich | dir |
3. person eintal | er sie es | ihn sie es | ihm ihr ihm |
1. person fleirtal | wir | uns | uns |
2. person fleirtal | ihr | euch | euch |
3. person fleirtal | sie | sie | ihnen |
høfleg form | Sie | Sie | Ihnen |
Pass på!
Akkusativforma av er er ihn, mens dativforma er ihm. Ein liten, men viktig forskjell!
Øving 3
Øv på personlege pronomen i nominativ og dativ. Øv spesielt på å skrive formene, og gjenta deloppgåve 2 og 3 til du kan skrive dativformene utan å bruke hint.
Obs! Nokre former kan bli til overs.
Øving 4
Setningar med objekt i dativ.
Øving 5
Øv på å spørje korleis det går med folk, og øv samtidig på dativ.
Øving 6
Øv på nominativ og dativ av personlege pronomen.