Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Oppgåve
Interaktivt innhald

Grammatikk: Peikeord

Peikeord bruker vi til å peike ut nokon eller noko. Dei høyrer til ordklassen bestemmarord. Lær om norske og tyske peikeord.

Kva er peikeord?

Peikeord bruker vi for å peike ut nokon eller noko. Til peikeorda høyrer

  • denne/dette/desse

  • den/det/dei

  • slik, sånn og same

Ord som står til eit substantiv

Peikeord står til eit substantiv:

  • Eg skal ha denne burgaren.

Substantivet kan vere sløyfa dersom vi skjønner ut frå samanhengen kva peikeordet viser til:

  • Den (burgaren) tek eg òg!

Peikeord blir bøygde i samsvar med substantivet dei står til:

  • denne jenta, dette barnet, desse folka

Ord med trykk!

Peikeord har ofte trykk. Då fungerer dei som ein peikefinger som vi rettar mot ein ting eller ein person framfor oss:

  • Skal du ha på deg denne buksa eller ei annan ei?

  • Slike briller kunne eg òg tenkt meg!

  • Den filmen må du berre sjå!

Men obs! Den, det og dei får vanlegvis ikkje trykk når dei står framfor kombinasjonen adjektiv og substantiv:

  • Kjenner du den nye eleven?

  • Kvar er dei blå sneakersane?

Peikeord er bestemmarord

Peikeorda høyrer til ordklassen bestemmarord. Dette er ord som står saman med eit substantiv og bestemmer det nærmare.

Vi har tre typar bestemmarord:

  1. Peikeord peiker ut nokon eller noko: Den filmen må du sjå! Den Film musst du dir ansehen!

  2. Mengdeord oppgir eit tal: Eg har to brør og ei søster. Ich habe zwei Brüder und eine Schwester.

  3. Eigedomsord fortel kven som eig ein ting: Kvar er genseren min? Wo ist mein Pullover?

Øving 1

Tekstversjon av øving 1

Finn alle peikeorda i dei åtte dømesetningane under:

  1. Eg vil ha denne modellen.

  2. Ho skal bu på same stad som Lise.

  3. Det blei dét oppstyret då bikkja vår rømte.

  4. Litt av ein bil! Den vil eg prøvekøyre!

  5. Slike jenter, det vil gamle Noreg ha!

  6. Eg vil òg ha ein sånn sykkel!

  7. Dei gler seg til den store festen.

  8. Kor fann du dei skoa? Sånne vil eg òg ha!

Fasit

  1. denne

  2. same

  3. dét

  4. den

  5. slike

  6. sånn

  7. den

  8. dei, sånne

Lurer du på ordet "det" i setninga "Slike jenter, det vil gamle Noreg ha!"?

  • "Det" viser tilbake til "slike jenter".

  • Men peikeord bøyest i samsvar med substantivet dei høyrer saman med. "Det" samsvarer ikkje med "jenter".

  • "Det" er pronomen her og eit sjølvstendig setningsledd i setninga "det vil gamle Noreg ha".

Peikeord i tysk

Den tyske bestemte artikkelen der, die, das er eit peikeord. Han blir vanlegvis uttalt trykklett:

  • Kennst du den Schüler?

  • Wo sind die Sneakers?

Men vi kan uttale han med trykk om vi vil framheve eller peike ut nokon eller noko:

  • Die Pizza mag ich auch am liebsten!

  • Den pizzaen liker eg òg best!

  • Der Salat sieht auch lecker aus!

  • Den salaten ser òg digg ut!

Oversikt over tyske peikeord

I denne artikkelen øver du særleg på å bruke der, die, das som peikeord. Men etter kvart vil du lære fleire tyske peikeord. Her får du nokre døme:

dieser (denne)

  • Dieses Eis schmeckt am besten! Denne isen smaker best!

derselbe (den same)

  • Wir gehen in dieselbe Klasse. Vi går i same Klasse.

solcher (slik ein)

  • Ich habe solchen Hunger! Eg er så svolten! (Ordrett: Eg har slik ein svolt!)

so ein (slik ein, sånn ein)

  • Er ist so ein netter Junge! Han er slik ein hyggeleg gut!

Øving 2

Behov for å repetere formene til den bestemte artikkelen? I dømesetningane under er den bestemte artikkelen brukt i nominativ (subjektsform) og akkusativ (forma til det direkte objektet).

  1. Oversett og analyser setningane. Finn verbal, subjekt og direkte objekt.

  2. Fullfør tabelloversikta over artikkelformene under.

  3. Kva form er ulik i nominativ og akkusativ?

Bestemt artikkel

kasus

hankjønn

hokjønn

inkjekjønn

fleirtal

nominativ
akkusativ

Dømesetningar

  1. Verena isst den Apfelkuchen.

  2. Der Apfelkuchen schmeckt lecker.

  3. Nanna trinkt die Milch.

  4. Die Milch ist kalt und frisch.

  5. Simon isst das Müsli.

  6. Das Müsli schmeckt super.

  7. Wir essen die Brötchen.

  8. Die Brötchen sind .

Fasit

Del A

  1. Verena et eplekaka. (Den Apfelkuchen er direkte objekt.)

  2. Eplekaka smaker herleg. (Der Apfelkuchen er subjekt.)

  3. Nanna drikk mjølka. (Die Milch er direkte objekt.)

  4. Mjølka er kald og fersk. (Die Milch er subjekt.)

  5. Simon et myslien. (Das Müsli er direkte objekt.)

  6. Myslien smaker supert. (Das Müsli er subjekt.)

  7. Vi et rundstykka. (Die Brötchen er direkte objekt.)

  8. Rundstykka er sprø. (Die Brötchen er subjekt.)

Del B

  • Nominativ (subjektsform)

    • hankjønn eintal: der

    • hokjønn eintal: die

    • inkjekjønn eintal: das

    • fleirtal: die

  • Akkusativ (objektsform)

    • hankjønn eintal: den

    • hokjønn eintal: die

    • inkjekjønn eintal: das

    • fleirtal: die

Del C

  • Den bestemte artikkelen har ulik form i nominativ og akkusativ når han står framfor hankjønnsord i eintal: der, den.

Øving 3

Øving 4

Jobb i par. Spør og fortel kvarandre om mat og drikke som smaker godt.

  • Elev A les spørsmålet på kortet høgt.

  • Elev B svarer på spørsmålet som vist i dømet nedanfor.

  • Snu kortet og samanlikn svara før de byter roller og held fram med neste kort.

Døme

  • Elev A: Wie schmeckt der Cappuccino?

  • Elev B: Der schmeckt sehr gut. Den musst du auch probieren!

Byt gjerne ut sehr gut med til dømes toll, super, fantastisch, sensationell, lecker eller ausgezeichnet. Svara dykkar treng ikkje vere heilt identiske med svarforslaga.

Skrive av Marion Federl.
Sist oppdatert 27.05.2026