Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Utforsk yrkes- og utdanningsval

Det finst mange ulike yrke og utdanningar du kan velje mellom. I denne oppgåva skal du utforske ulike yrkes- og utdanningsval.

Oppgåve 1. Utforsk kva du vil bli

  1. Gå inn på artikkelen "Få forslag til utdanning og yrker" på karriereveiledning.no, gjer øvinga og skriv ned kva for forslag til yrke og utdanningar du fekk som svar.

  2. Ta utgangspunkt i forslaga til yrke og utdanningar du fekk i spørsmål A. Vel ut dei yrka og utdanningane du meiner er mest aktuelle og samanlikn dei på utdanning.no. Kva er fordelane og ulempene med dei ulike yrka og utdanningane?

  3. Diskuter det du har utforska med den du sit ved sida av. Er yrka og utdanningane du fekk tips om, aktuelle for deg? Kvifor? Kvifor ikkje?

Oppgåve 2. Utforsk ulike yrkesportrett

  1. Bruk lenkene og utforsk ulike yrkesportrett. Vel deretter ut tre eller fire yrke som verkar som dei mest spennande for deg:

  2. Samanlikn dei tre eller fire yrka og utdanningane du meiner er mest aktuelle for deg på utdanning.no. Kva er fordelane og ulempene med dei ulike yrka?

  3. Set opp ei liste med minst tre ulike yrke som kan vere aktuelle for deg. Skriv gjerne ei kort grunngiving for kvart val.

Utforsk vidare

Her er nokre forslag til korleis du kan utforske ulike yrkes- og utdanningsval vidare:

Desse oppgåvene er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 06.02.2026

Siste steg i læringsstien

Du er no på siste steget i læringsstien Mitt yrkes- og utdanningsval

Gå til faget: Tverrfaglege tema

Gå til emne: Mitt yrkes- og utdanningsval