Læringssti
Introduksjon
Somme ungdommar veit akkurat kva dei vil bli, mens andre er veldig usikre. Uansett kan det vere lurt å utforske ulike yrkes- og utdanningsval og reflektere over kva som verkeleg passar for deg.
I denne læringsstien skal du
utforske ulike yrke og utdanningar
få råd og tips om korleis du kan finne eit yrke og ei utdanning som passar for deg
diskutere fordelar og ulemper med ulike yrkes- og utdanningsval
reflektere over kva som kjenneteiknar ein meiningsfull jobb, og kva for yrkes- og utdanningsval som passar for deg
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i mange ulike fag, og eignar seg godt som ein introduksjon til yrkes- og utdanningsval.