Utforsk yrkes- og utdanningsval

Oppgåve 1. Utforsk kva du vil bli
Gå inn på artikkelen "Få forslag til utdanning og yrker" på karriereveiledning.no, gjer øvinga og skriv ned kva for forslag til yrke og utdanningar du fekk som svar.
Ta utgangspunkt i forslaga til yrke og utdanningar du fekk i spørsmål A. Vel ut dei yrka og utdanningane du meiner er mest aktuelle og samanlikn dei på utdanning.no. Kva er fordelane og ulempene med dei ulike yrka og utdanningane?
Diskuter det du har utforska med den du sit ved sida av. Er yrka og utdanningane du fekk tips om, aktuelle for deg? Kvifor? Kvifor ikkje?
Oppgåve 2. Utforsk ulike yrkesportrett
Bruk lenkene og utforsk ulike yrkesportrett. Vel deretter ut tre eller fire yrke som verkar som dei mest spennande for deg:
Artikkel: Kva skal eg bli? (Yrkesportrett på yrkesfag)
Samanlikn dei tre eller fire yrka og utdanningane du meiner er mest aktuelle for deg på utdanning.no. Kva er fordelane og ulempene med dei ulike yrka?
Set opp ei liste med minst tre ulike yrke som kan vere aktuelle for deg. Skriv gjerne ei kort grunngiving for kvart val.
Utforsk vidare
Her er nokre forslag til korleis du kan utforske ulike yrkes- og utdanningsval vidare:
Du kan få forslag til ulike yrke ut frå kva område du er interessert i på "Jobbkompasset" på utdanning.no .
Du finn ei oversikt over ulike moglegheiter for vidareutdanning om du tek yrkesfag i artikkelen "Vidare utdanning etter yrkesfag" på utdanning.no.
Desse oppgåvene er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.