Kva skal eg bli?

Ein og ein: Tenkeskriving
Forsøk å sjå deg sjølv om ti år. Tenk deg at du har fått ein jobb du verkeleg trivst i og bruk to til fem minutt på å beskrive korleis ein verkeleg god arbeidsdag ser ut. Skriv raskt og ikkje stopp opp og tenk over det du har skrive. Forsøk å skrive ned så mykje som mogleg.
Les gjennom det du har skrive og vel ut nokre beskrivingar som du kan dele med dei andre elevane.
To og to: Reflekter i par
Del beskrivingane dine av ein god arbeidsdag med ein annan elev.
Diskuter deretter kva slags yrke og utdanningsval som kunne passe for dykk for å kunne få ein slik arbeidskvardag.
Fire og fire: Diskuter i grupper
Kva meiner de er det viktigaste de bør tenke på når de skal velje yrke og utdanning? Skriv ned minst tre konkrete forslag.
Kven kan de snakke med, og kvar kan de finne informasjon om val av yrke og utdanning?
Kvifor kan det vere viktig å undersøke fleire ulike yrkes- og utdanningsmoglegheiter?
I dagens arbeidsliv er det mange som byter yrke og tek nye utdanningar og kurs i løpet av yrkeslivet. Kor viktige er dei yrkes- og utdanningsvala de tek rett etter vidaregåande, trur de?