Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kva får deg til å kjenne deg bra i kvardagen?

Kva gir deg glede i kvardagen? Reflekter over dei små og store tinga som gjer dagen din litt betre og litt lysare.

Ein og ein

Noter ned for deg sjølv: Kva gir deg glede ein heilt vanleg dag? Finn minst tre ulike døme.

To og to

Del det du har komme fram til i førre spørsmål med ein annan elev, og bli einige om fire konkrete forslag til kva de kan gjere for å få det litt betre den neste veka.

Fire og fire

Jobb saman i grupper

  • Del dei fire tipsa de kom fram til i førre oppgåve med gruppa. Forklar kvifor desse grepa kan gjere at du får det betre i kvardagen.

  • Finn fram til fire ulike tips som alle i gruppa er einige om, og som de kan dele med resten av klassen.

  • Diskuter om det finst noko felles som kan gi alle menneske glede, eller om det er ulikt frå menneske til menneske.

  • Diskuter kva som er det viktigaste for at vi skal kjenne glede i kvardagen. Er det små, enkle ting eller store og meir omfattande ting?

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 24.10.2025