Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Kvardagsglede

Har du tenkt på kva som gir deg glede ein heilt vanleg dag? Det er lett å tenke at livet handlar om å bli lykkeleg og ha alt på stell, men ofte er det små ting i kvardagen som skaper glede og meining.

Kvardagsglede

Sjølv om livet går opp og ned og humøret svingar, finst det ting du sjølv kan gjere for å kjenne på auka kvardagsglede. Mange går rundt og ventar på at livet skal bli betre ein dag, og det kan vere viktig å fokusere på framtida i krevjande periodar av livet. Samtidig kan fokuset på framtida få oss til å gløyme å vere til stades i kvardagen og bli merksame på det som gir oss glede her og no.

Om kvardagsglede:

I 2008 kartla britiske helsestyresmakter fem ulike aktivitetar som kan føre til auka livskvalitet og betre psykisk helse. I Noreg har Folkehelseinstituttet, Rådet for psykisk helse og Helsedirektoratet systematisk arbeidd med å forske på og spreie informasjon om desse aktivitetane.

Rådet for psykisk helse har laga filmen Hverdagsglede (lengde 3:22) som beskriv fem grep for å auke gleda i kvardagen.

Video: Rådet for psykisk helse / Avgrensa gjenbruk

Fem grep for å få meir kvardagsglede

Visste du at forskarar har funne fram til fem universelle grep som kan hjelpe alle med å auke kvardagsgleda – uavhengig av alder, kjønn og bakgrunn? Dei fem grepa er:

  • Ver merksam.

  • Ver aktiv.

  • Hald fram med å lære.

  • Knyt band.

  • Gi.

Kva betyr desse fem grepa i praksis? Det skal vi sjå nærmare på her.

Ver merksam

Når vi til dømes kikkar mykje ned på telefonen, blir vi mindre merksame på det som skjer rundt oss. Det same skjer om vi heile tida tenker på andre ting enn det vi held på med akkurat no. Då får vi verken med oss ansiktsuttrykka til dei vi er saman med eller detaljar i omgivnadene like godt som når vi er merksame. Det betyr både at vi går glipp av mykje positiv informasjon, og at sjansane for misforståingar og feiltolkingar blir større. Å vere til stades og merksam er bra for immunforsvaret vårt og kan redusere både stress og depresjon.

Tips for å bli meir merksam:

  • Legg merke til kva du tenker og kjenner akkurat her og no.

  • La deg oppsluke fullt og heilt av ein aktivitet.

  • Ver til stades akkurat no, anten du er for deg sjølv eller saman med andre.

  • Ver nysgjerrig: Det kan vere knytt til kva andre seier, eller kva du sjølv opplever.

  • Legg merke til noko interessant, annleis eller vakkert i omgivnadene dine.

Ver aktiv

Mange veit at det er lurt å vere i aktivitet for å ta vare på den fysiske helsa si, men faktisk er det like viktig for den psykiske helsa! Berre det å vere aktiv i nokre få minutt kan bidra positivt til humøret. Fysisk aktivitet kan òg gi oss betre søvn, konsentrasjon og hukommelse.

Tips for å bli meir aktiv:

  • Finn ein fysisk aktivitet som passar for deg, og som du har glede av.

  • Avtal gjerne med venner eller familie å vere aktive saman. Då kan de vere sosiale samtidig, og det blir lettare å få gjennomført den fysiske aktiviteten.

  • Gå ein tur i nærområdet, til butikken eller skulen.

  • Gjer gjerne noko som får opp pulsen din.

Hald fram med å lære

Som elev på vidaregåande er du i ein situasjon der du skal lære noko. Det er naturleg at du ikkje finn alt like interessant. Samtidig er det godt for den psykiske helsa di å oppleve at noko du lærer, verkeleg vekker nysgjerrigheita og interessa di – kanskje så mykje at du blir heilt oppslukt og gløymer både tid og stad. Det kan vere eit fag eller tema på skulen, men det kan òg vere ein hobby, ei interesse eller ein fritidsaktivitet. Du kan utforske ting du veit noko om frå før, eller kaste deg ut i noko heilt nytt og spennande. Å lære noko nytt kan på kort sikt vere interessant og morosamt, og på lang sikt kan det gi deg ei kjensle av meining og meistring.

Tips for å halde fram med å lære:

  • Set deg eit mål du ønsker å oppnå.

  • Test ein ny fritidsaktivitet eller meld deg på eit kurs.

  • Oppdag ein ny musikksjanger, prøv ei ny oppskrift, høyr på ein podkast eller sjå ein film om eit tema du ikkje kan noko om.

  • Lær deg ei praktisk ferdigheit.

  • Ta opp igjen ein hobby eller ei interesse du har hatt tidlegare.

Knyt band

Å ha gode relasjonar vernar oss mot stress og plager. Det å ta seg tid til å ta vare på relasjonar er noko av det viktigaste du kan gjere, både for den fysiske og den psykiske helsa di. Det handlar ikkje berre om det fysiske samværet, men om å vise kvarandre merksemd eller omsorg.

Dette kan òg gjerast gjennom å ringe, sende meldingar eller bruke sosiale medium. Banda til familie og nære venner er spesielt viktige når vi står i utfordringar eller opplever andre tøffe ting i livet. Men det er òg viktig å ha det bra med dei rundt deg som du kanskje ikkje kjenner så godt, til dømes medelevar, lagkameratar, naboar, kollegaer eller lærarar. Du treng ikkje ha mange venner for å ha det bra, men alle treng nokon å dele opp- og nedturane i livet med.

Tips for å knyte band:

  • Ta vare på vennene dine, vis interesse og avtal å møtast.

  • Hald kontakt på meldingar og sosiale medium.

  • Sei ja når du blir invitert av andre.

  • Finn eit miljø der nokon interesserer seg for det same som deg, anten fysisk eller på nett.

  • Meld deg inn i ein organisasjon, eit treningssenter eller eit idrettslag.

Å gi

Vi menneske er skapte for å leve i flokk, og kanskje er det derfor det kjennest godt for oss å bidra i samfunnet eller å gjere noko fint for ein annan. Det kan vere store eller små ting. Til dømes kan det kjennast godt å overraske vennen din med favorittsjokoladen hennar, eller hjelpe ein framand med å finne fram på ein ny stad.

Å gi til andre treng ikkje vere noko materielt. Å gi av tida si eller omsorga si til andre gjer at vi kjenner på meining, og at vi betyr noko for dei rundt oss. Du kan vere ein ressurs i andre sitt liv. Når vi gir til andre, blir fokus flytta vekk frå oss sjølve, og for nokon kan dette faktisk redusere både stress og negative tankar.

Tips for å gi:

  • Gjer noko for andre: Still opp for ein venn som har det vanskeleg, hjelp nokon med ei praktisk oppgåve eller gi eit kompliment til nokon.

  • Engasjer deg i ein organisasjon eller ei gruppe, til dømes ein velgjerande organisasjon, eit ungdomsparti eller noko i lokalsamfunnet.

Ulike utgangspunkt

Som menneske har vi ulike utgangspunkt i livet. Somme av oss har opplevd fleire vanskelege og belastande hendingar enn det andre har. Kanskje står du midt i ein stressande eller vond livssituasjon akkurat no. Sjølv om det er vanskeleg å fokusere på noko som gir glede når du har det tøft, er det nettopp i slike situasjonar det er viktig å ta vare på seg sjølv.

Ingen kan gjere alt “rett“, men du vil kanskje velje nokre av grepa vi har skrive om her og fokusere på dei. Les meir om korleis du kan ta vare på den psykiske helsa di i artikkelen “Korleis kan eg ta vare på den psykiske helsa mi?“

Det er viktig å snakke med nokon når vi har det vanskeleg. Treng du nokon å kontakte, finst det tips til personar du kan snakke med i desse to artiklane:

Denne artikkelen er skriven av VIP Psykisk helse i skulen.

Kjelder

Aked, J., Marks, N., Cordon, C. & Thompson, S. (2008, 22 oktober). Five Ways to Wellbeing. The New Economic Fondation. https://neweconomics.org/2008/10/five-ways-to-wellbeing

Folkehelseinstituttet. (2024, 22. februar). Hverdagsgleden – fem kunnskapsbaserte grep for god livskvalitet. https://www.fhi.no/ps/livskvalitet-og-trivsel/hverdagsgledens-fem-kunnskapsbaserte-grep-for-god-livskvalitet/

Rådet for psykiske helse. (u.å). Om hverdagsglede. Henta 22. oktober 2025 fra https://psykiskhelse.no/kurs-2/hverdagsglede/

Skrive av Camilla Øien.
Sist oppdatert 13.09.2025