Mitt prosjekt for auka kvardagsglede

Korleis kan du få meir kvardagsglede?
I dette prosjektet skal du lage og gjennomføre ein plan for auka kvardagsglede. Målet er at du skal kjenne deg litt betre og lære om korleis små endringar i kvardagen kan få mykje å seie for korleis du har det.
Forskarar har funne fram til fem universelle grep som kan hjelpe alle med å auke kvardagsgleda. Dei fem grepa er:
Ver merksam.
Ver aktiv.
Hald fram med å lære.
Knyt band.
Gi.
I dette prosjektet skal du bruke desse fem grepa for å auke kvardagsgleda di.
Oppgåvebeskriving og rammer for prosjektet
Mål: Du skal få auka kvardagsglede.
Varigheit: Fire veker.
Førebuing: Lag ein vekeplan med forslag til kva du kan gjere kvar dag. Du kan laste ned ein slik plan under. Bruk dei fem grepa og prøv å inkludere dei i dei daglege rutinane dine. Det treng ikkje vere omfattande aktivitetar – små, enkle grep kan vere nok. Det viktigaste er at du klarer å gjennomføre aktivitetane, og at du gjer noko kvar dag.
Gjennomføring: Gjennomfør aktivitetane som planlagt. Logg aktivitetane dine – med selfiar, ein app eller forslaget til vekeplan under. Lag gjerne grupper i klassen som kan vere til hjelp når de skal motivere kvarandre.
- Kvardagsglede – vekeplan(DOCX)
Etterarbeid: Gjennomfør ei eigenvurdering. Skriv eit refleksjonsnotat der du vurderer kva du fekk ut av prosjektet. Du kan mellom anna reflektere rundt:
Korleis kan små, enkle grep endre korleis du har det?
Kva er det mest utfordrande med å endre vanar i kvardagen?
Kva for grep fekk du mest ut av?
Kan det vere vanskeleg å merke om endringar i kvardagen har nokon effekt på lengre sikt?
Kva for råd vil du gi til ein venn som gjerne vil kjenne seg litt betre i kvardagen?
Tips til kjelder de kan bruke for å utforske dei ulike grepa
Folkehelseinstituttet: Hverdagsgleden – fem kunnskapsbaserte grep for god livskvalitet
I artikkelen “Å gjøre som Julie (24) kan gjøre deg litt lykkeligere“ på NRK kan de få ekstra inspirasjon. Les om om Julie og Tomine som prøver ut ulike måtar å få det litt betre i kvardagen på.
Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.