Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Klasseromsplakatar om kvardagsglede

Kva kan de gjere i klassen for å få det litt betre kvar dag? Forskarar har funne fram til fem grep som kan hjelpe dykk å få betre psykisk helse. I denne oppgåva skal de jobbe i grupper og presentere dei ulike grepa for kvarandre med hjelp frå ein klasseromsplakat.

Fem grep for auka glede i kvardagen

Ved å gjere små endringar i kvardagen kan alle få det litt betre. Forskarar har komme fram til fem grep som kan vere særleg viktige for å auke kvardagsgleda. Dei fem grepa er:

  1. Ver merksam.

  2. Ver aktiv.

  3. Hald fram med å lære.

  4. Knyt band.

  5. Gi.

Lag ein klasseromsplakat

Del klassen i fem ulike grupper. Kvar gruppe får tildelt eitt av dei fem grepa. Gruppene skal deretter gjere eit forarbeid og finne ut meir om grepet dei har fått utdelt. Deretter skal de lage ein klasseromsplakat.

Kvar plakat bør innehalde:

  • ei overskrift

  • bilete og illustrasjonar som verkar inspirarende

  • ein kort tekst som forklarer grepet de har fått utdelt

  • ei liste med konkrete tips til kva de sjølv kan gjere i kvardagen

Presenter plakaten for dei andre i klassen når de er ferdige, og heng han opp i klasserommet.

Tips til kjelder for å utforske dei ulike grepa

Kjelder

Aked, J., Marks, N., Cordon, C. & Thompson, S. (2008, 22 oktober). Five Ways to Wellbeing. The New Economic Fondation. https://neweconomics.org/2008/10/five-ways-to-wellbeing

Folkehelseinstituttet. (2024, 22. februar). Hverdagsgleden – fem kunnskapsbaserte grep for god livskvalitet. https://www.fhi.no/ps/livskvalitet-og-trivsel/hverdagsgledens-fem-kunnskapsbaserte-grep-for-god-livskvalitet/

Rådet for psykiske helse. (u.å). Om hverdagsglede. Henta 22. oktober 2025 frå https://psykiskhelse.no/kurs-2/hverdagsglede/

Skrive av Karl Henrik Aanesen og Tone Spilling.
Sist oppdatert 31.10.2025