Fordjup deg vidare: ytringsfridom, sensur og grenser - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Fordjup deg vidare: ytringsfridom, sensur og grenser

Her er nokre forslag til korleis du kan jobbe vidare med temaet ytringsfridom, sensur og grenser i ulike fag.

Filmoppgåve: Møt sensorene

I Noreg står ytringsfridommen sterkt, og dei fleste ønsker å forsvare denne retten. Men finst det tilfelle der meiningar og haldningar burde sensurerast i større grad? I denne oppgåva skal de sjå dokumentaren Møt sensorene og diskutere om sensur kan vere noko positivt.

Relevante fag: samfunnskunnskap, norsk, mediesamfunnet og politikk og menneskerettar.

Streng lovgiving mot netthat

I 2018 innførte Tyskland ei lov mot hat og hets på nettet. Ulovlege ytringar som blir publiserte på sosiale medium, må fjernast av plattformene innan 24 timar. I denne oppgåva skal du undersøke om strenge lover kan avgrense hatefulle ytringar. Eller er det ytringsfridommen som taper?

Relevante fag: samfunnskunnskap, mediesamfunnet og politikk og menneskerettar.

Ytringsfridom som etisk dilemma

Eit etisk dilemma er ein situasjon der ulike verdiar står i konflikt med kvarandre. I desse oppgåvene skal du vurdere i kva grad retten til å ytre seg fritt også skal gjelde for ekstremistar.

Relevante fag: religion og etikk, samfunnskunnskap og medie- og informasjonskunnskap.

Pressefridommens kår i verda

Organisasjonen Reportere uten grenser rapporterer årleg om overgrep mot journalistar. Organisasjonen står bak pressefridomsindeksen, som gir eit bilete av forholda for pressefridommen i verda. I denne oppgåva skal du sjå nærare på kåra til pressefridommen i ulike land i verda.

Relevante fag: samfunnskunnskap og mediesamfunnet.

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen og Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2022