Streng lovgiving mot netthat - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Streng lovgiving mot netthat

I 2018 innførte Tyskland ei lov mot hat og hets på nettet. Ulovlege ytringar som blir publiserte på sosiale medium, må fjernast av plattformene innan 24 timar. I denne oppgåva skal du undersøke om strenge lover kan avgrense hatefulle ytringar. Eller er det ytringsfridommen som taper?

Kva er formålet med lova?

Den tyske lova blir kalla for NetzDG og gjeld for sosiale medieplattformer med meir enn to millionar medlemmar. Lova tredde i kraft 1. januar 2018. Kven som helst kan melde frå om det er meldingar på sosiale medium dei trur strir mot lova. Selskap har deretter 24 timar på seg etter varsling til å fjerne ulovleg innhald. Dette kan vere falske nyheiter, hatefulle ytringar eller netthets. I enkelte kompliserte tilfelle kan selskap få ei veke på seg. Viss ikkje innhaldet blir fjerna, ventar det enorme bøter.

Den nye lova i Tyskland, som skal regulere sosiale medium og avgrense hets og hatefulle ytringar, har blitt utsett for mykje kritikk. Det tyske journalistforbundet har kritisert lova.

Lova har ført til at mellom anna Facebook har måtta tilsetje mange medarbeidarar i Tyskland for å kontrollere og slette innhald.

Oppgåve

Gå saman parvis eller i små grupper og diskuter desse spørsmåla:

  1. Er det ei god løysing at private selskap som Twitter og Facebook skal avgjere kva som skal slettast på nettet?

  2. Kvar går eigentleg grensa mellom netthets og hatefulle ytringar på den eine sida og satire, humor og samfunnskritikk på den andre?

  3. Kva meiner de? Korleis ville ei lov som avgrensar innhaldet i sosiale medium fungert i Noreg? Treng vi ei slik lov?

  4. Undersøk på sosiale medium: Finn de innhald eller ytringar som kunne vore i grenseland med den lovgivinga som finst i Tyskland?

  5. Diskuter i gruppa: Vil strenge lover avgrense hatefulle ytringar, eller skadar dette ytringsfridommen?

Plenum

Presenter gruppevis kva de har funne ut.

Etter at alle gruppene har presentert, skal de diskutere om streng lovgiving kan vere eit godt middel mot hatefulle ytringar.

Undersøk vidare

Korleis har lova i Tyskland fungert? Finn oppdatert informasjon på nettet, men hugs å vere kritisk til kjeldene.

Kjelde

Brekke, I. (2018, 9. januar). Ny lov mot netthets møter massiv kritikk i Tyskland. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/verden/i/0e4blj/ny-lov-mot-netthat-moeter-massiv-kritikk-i-tyskland

Skrive av Tor Ivar Utvik.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2021