Ludvig Holbergs kritikk av sensuren

Kjeldeoppgåve
Les utdraget frå epistel 395 av Ludvig Holberg. Her argumenterer Holberg for og imot sensur i Danmark-Noreg, og han endar opp med å argumentere for at det bør vere skrivefridom, men berre for vaksne menneske.
Kjeldetekst: Epistel 395 av Ludvig Holberg
Jeg har holdt på at skrivefrihet ikke burde tillates utenom for dem som har nådd en moden alder, og jeg er blitt styrket i dette, ettersom jeg i løpet av noen tid har sett unge personer, før de har fått skjegg på haken, føre pennen i den mest delikate materien, både politisk og moralsk? Det er om slike man bør si med David: La dem bli i Jeriko, til deres skjegg vokser.
Kva var eigentleg Ludvig Holberg sine tankar om sensur?
Kva seier denne kjelda om haldningane i Danmark-Noreg på 1800-talet?
Korleis ville denne haldninga vorte motteken i dagens Noreg?
Trur du det var nokon andre grupper i Danmark-Noreg på 1700-talet som skrivefridom ikkje gjaldt for? Kvifor trur du desse gruppene vart haldne utanfor, i så fall?