Bør algoritmane få styre valkampen?

1. Finn argument
Jobb individuelt med å finne argument for og mot påstandane.
Påstand 1
Algoritmestyrt politisk marknadsføring har berre negative konsekvensar for demokratiet.
Påstand 2
Norske styresmakter må forby mikromålretta, algoritmestyrt politisk reklame.
2. Del argument i par
Set dykk to og to og presenter argumenta dykkar for kvarandre.
Gi kvarandre innspel og tilbakemeldingar.
3. Del argument i klassen og diskuter to og to
Set opp ein tabell for kvar påstand med kolonnar med for og mot. Alle i klassen kan sjå tabellane og bidra med innhald i dei.
Still dykk opp på rekke, presenter eit argument munnleg og legg det inn i ein tabell der det høyrer heime.
Til slutt diskuterer de to og to kva som er ei god løysing for regulering av politisk reklame i sosiale medium.
Relatert innhald
Formålet med politisk marknadsføring er å bygge eit godt omdømme og å påverke haldningar og åtferd.