Politisk innhald i sosiale medium
Om unge, val og mediebruk
Sosiale medium og digitale verktøy har forandra korleis veljarar kan påverkast i ein valkamp. Dette skyldast mellom anna at algoritmar bruker personopplysningar for å målrette marknadsføring på individnivå.
Saman med skreddarsaum av politisk marknadsføring er tilgang til desinformasjon i sosiale medium mykje debattert og diskutert, fordi det kan ha direkte innverknad på valresultat.
Tre av fire unge seier dei får med seg nyheiter og informasjon om samfunnet frå sosiale medium (2025).
Ungdommene beskriver et informasjonslandskap der nyheter, meninger, humor, reklame og kampanjer blandes sammen, både i redaktørstyrte og sosiale medier. Dette oppleves som en sjangerblanding, som igjen gjør det vanskelig å skille ulike typer avsendere og innhold fra hverandre og å forstå hvilke opplysninger og hvilke kilder som er troverdige og viktige.
(Medietilsynet, 2025, s. 4)
Påverknad frå desinformasjon
Gjennom intervju med ungdom (2025) har Medietilsynet funne at det er spesielt fire grunnar til at unge kan vere sårbare for påverknad frå desinformasjon i samband med valperiodar:
utbreidd bruk av algoritmestyrte medium
sjangerforvirring
usikkerheit rundt avsendar og kjelde
tendens til å vurdere truverd ut frå subjektive inntrykk.
Gjeld dei fire punkta over deg? Synest du det er vanskeleg å skilje politisk marknadsføring frå mogleg desinformasjon?
Ungdom og politisk reklame
Før du les vidare, tenk over
Er det greitt at personopplysningane dine blir brukte til å persontilpasse politisk marknadsføring til deg i sosiale medium?
Trur du politisk marknadsføring og desinformasjon påverkar deg?
Betyr merking av reklame noko for korleis du tolkar innhald i sosiale medium?
Skreddarsaum av politisk marknadsføring
Fleire av ungdommane har forståing for korleis algoritmar skreddarsyr marknadsføring i sosiale medium. Nokre av dei forventar eller ønsker seg meir personretta reklame i sosiale medium, til dømes basert på bustad, slik at politisk reklame skal opplevast meir relevant. Samtidig meiner enkelte at det er ubehageleg å ikkje ha kontroll på korleis personleg informasjon blir brukt.
Ingen av dei unge opplever at innlegg er for personlege. Dei er dessutan lite kritiske til at "open" og synleg informasjon frå profilane deira i sosiale medium blir brukt til å skreddarsy politisk marknadsføring. I tillegg vel nokre av ungdommane i undersøkinga å gå aktivt inn for å like mykje ulikt i sosiale medium for å unngå ekkokammer.
Ønsker fakta i politiske annonsar
Ungdommar forventar å møte politisk marknadsføring på linje med anna marknadsføring i sosiale medium. Mange førstegongsveljarar ser på politiske annonsar i sosiale medium som ei viktig kjelde til informasjon om kva dei ulike partia står for. Dei meiner dessutan det er best med fakta-orienterte annonsar det er mogleg å lære noko av.

Kva tenker du om skjermdumpane over?
Er dette døme på politiske annonsar du gjerne vil ha i straumen din? Kvifor, kvifor ikkje?
Vanskeleg å skilje sjangrar
Mange synest det kan vere vanskeleg å skilje mellom politisk marknadsføring, informasjon frå styresmakter og redaksjonelt innhald.
Politisk marknadsføring er reklame for politiske parti og/eller for bestemde politiske standpunkt. Det politiske partiet betaler sosiale mediekanalar for å målrette spreiing av annonsar. Annonsar blir ofte merka som sponsa.
Informasjon frå styresmakter skal opplyse og underrette om offentlege saksforhold. Vi forventar at informasjon frå styresmakter skal vere sakleg og objektiv.
Redaksjonelt innhald er produsert av journalistar for aviser, nett, radio, tv, mobil eller andre plattformer. Journalistisk innhald skal forhalde seg til Ver varsam-plakaten. Han seier at journalistar må gi att kjelder korrekt og få fram relevante saksopplysningar.
Ungdommane som var med i undersøkinga meiner dessutan at merking av reklame gjer det mykje enklare å skilje mellom marknadsføring og anna innhald, og at merking av annonsar har blitt betre dei siste åra.
Spørjeundersøking i befolkninga
Medietilsynet har òg gjennomført ei større spørjeundersøking blant heile befolkninga. Undersøkingar frå 2020 og 2021 viser at fleire ungdommar enn dei i den eldre generasjonen synest det er greitt med politisk marknadsføring i sosiale medium. Dei unge aksepterer dessutan i større grad enn dei eldre at sosiale medium bruker personleg informasjon for å skreddarsy politiske annonsar.
I undersøkinga kjem det òg fram at
kvinner generelt er meir negative enn menn til at personlege data blir brukte til å skreddarsy politisk reklame i sosiale medium
Relatert innhald
Politisk marknadsføring aukar i sosiale medium. Korleis stiller du deg til det som ungdom?
Medietilsynet jobbar for mediemangfald og kritisk medieforståing for å fremje demokrati og ytringsfridom etter styresmaktene sitt mediepolitiske mål.