Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Bør algoritmane få styre valkampen?

Når du er førstegongsveljar, kjempar partia om å påverke meiningane dine for å få stemma di. Dei politiske partia skreddarsyr bodskapar som du får i sosiale medium. I denne oppgåva skal de finne argument for og mot problemstillingar knytte til algoritmebestemt politisk reklame.

1. Finn argument

  • Jobb individuelt med å finne argument for og mot påstandane.

Påstand 1

politisk marknadsføring har berre negative konsekvensar for demokratiet.

Påstand 2

Norske styresmakter må forby , algoritmestyrt politisk reklame.

2. Del argument i par

  • Set dykk to og to og presenter argumenta dykkar for kvarandre.

  • Gi kvarandre innspel og tilbakemeldingar.

3. Del argument i klassen og diskuter to og to

  • Set opp ein tabell for kvar påstand med kolonnar med for og mot. Alle i klassen kan sjå tabellane og bidra med innhald i dei.

  • Still dykk opp på rekke, presenter eit argument munnleg og legg det inn i ein tabell der det høyrer heime.

  • Til slutt diskuterer de to og to kva som er ei god løysing for regulering av politisk reklame i sosiale medium.

Relatert innhald

Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist oppdatert 07.04.2026