Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald

Kor godt forstår du politisk marknadsføring?

Sosiale medium og digitale verktøy har endra korleis veljarar kan påverkast i ein valkamp. Politiske parti reklamerer stadig meir på sosiale medium. Korleis møter du som ungdom personretta og skreddarsydd politisk reklame?

1. Men er det politisk marknadsføring?

A) Definer omgrep

Arbeid i grupper på to eller tre. Bli einige om og formuler definisjonar for dei tre fagomgrepa under. Bruk gjerne kjelder som støttar dykk i arbeidet. Oppgi i så fall kjeldene.

Fagomgrep:

  • politisk marknadsføring

  • informasjon frå styresmakter

  • redaksjonelt innhald

B) Vurder innlegg frå sosiale medium

2. Einig eller ueinig?

A) Vurder

B) Argument

Vel to utsegner du er einig i og to du er ueinig i. Forklar og argumenter for kvifor du er einig og kvifor du er ueinig.

  • Skriv ned forklaringane dine.

  • Argumenter for vala dine overfor medelevar etterpå.

Vidare utforsking

Ung.no har samarbeidd med Medietilsynet no før stortingsvalet i 2025. I artikkelen "Valget 2025: Sjekk at det stemmer –⁠ før du stemmer" får du råda "Stopp", "Tenk" og "Sjekk" når du skrollar straumen i sosiale medium. Du får dessutan vite meir om kva desinformasjon og falsk informasjon er, og høyre ein podkast om utfordringar knytte til desinformasjon og påverknad ved val.

Kjelder

Medietilsynet. (2025). Feed, fornuft og følelser. Ungdoms refleksjoner om politikk, medier og påvirkning. https://www.medietilsynet.no/fakta/rapporter/kritisk-medieforstaelse/feed-fornuft-og-folelser-ungdoms-refleksjoner-om-politikk-medier-og-pavirkning/

Rosenberg, T. G. (2021). Politisk markedsføring sosiale medier. Medietilsynet. https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/kritisk-medieforstaelse/210825-rapport-om-politisk-reklame-i-sosiale-medier-august-2021.pdf

Skrive av Albertine Aaberge og Thea Grav Rosenbeg.
Sist oppdatert 26.08.2025